SISOF
  Tenester   Om SISOF   Bli student   Studentliv   Kontakt oss 
  Søk
 

Sogndal studentbarnehage - vedtekter

Gjeldande frå 1 august 1995 med endring 22.11.95, 10.05.96, 10.03.00, 25.02.03, 03.11.04.28.10.09.
 
§1 DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV
Barnehagen vert driven av Sogndal Studentbarnehage i Sogn og Fjordane, SISOF. Studentbarnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lov og føresegner om barnehagar, med unntak av §1 2. ledd. Barnehagen skal drivast etter dei retningslinjer som SISOF, som driftsansvarleg, fastsett for drifta.
 
§2 FØREMÅLET MED BARNEHAGEN
Barnehagen skal gi barn eit godt miljø med vekt på leik samver med andre barn og vaksne. Barnehagen vil utvikle det einskilde barns personlegdom, hjelpe barn å utvikle toleranse og å ha omsorg for andre og gi sjølvutfalding gjennom allsidig leik – og aktivitetstilbod. Saman med heimen skal barnehagen medvirke til å gi barnet eit miljø som sikrar dei individuelle og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og etisk rettleiing. Den etiske rettleiinga skal byggja på allment aksepterte verdiar i samfunnet, som heimane kan samla seg om og som formidlar kulturverdiar og tradisjonar som står sentralt i samfunnet vårt.
 
§3 SAMARBEIDSUTVALET
Barnehagen har eit samarbeidsutval på 6 medlemar, alle med personlege varemedlemar, samansetjinga er slik:
2 medlemar, valde av foreldra
2 medlemar, valde av tilsette
2 medlemar, oppnemnde av SISOF
Samarbeidsutvalet vel sjølv leiar. Medlemene valde av foreldra og dei tilsette vert valde for eit år om gongen. Direktøren i SISOF er fast medlem av samarbeidsutvalet, den andre som vert oppnemnt av SISOF har ei funksjonstid på 2 år. Val av samarbeidsutval skal haldast i september.
Styrar i barnehagen er sekretær for samarbeidsutvalet. Han/ ho har møte-, uttale, forslagsrett i utvalet. Samarbeidsutvalet vedtek med vanleg fleirtal, men er berre vedtaksfør når minst halvparten av medlemane er til stades. Dersom røystetalet vert likt tel leiaren si røyst dobbelt. Samarbeidsutvalet skal vere eit samarbeidsorgan for foreldre, personalet og SISOF, og skal ha ansvar for barnehagen si drift i nært samarbeid med styrar.
Samarbeidet sine oppgåver:
Sjå til at barnehagen vert driven innafor ramma av barnehagelova, barnehagen sine vedtekter og budsjett.
Handsame årsplan/informasjonsperm for barnehagen.
Kome med budsjettforslag.
Kome med uttale og om endringar av vedtekter.
Kome med uttale seg om personalinstruks.
Samarbeidsutvalet vert førelagt saker som er viktige for barnehagen si verksemd. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i slike saker før avgjerd vert gjort. Samarbeidsutvalet skal be om foreldrerådet sitt syn i saker som må sjåast på som særleg viktige for foreldra.
 
§4 FORELDRERÅDET I BARNEHAGEN
Foreldrerådet er foreldra i barnehagen.  Foreldrerådet bør ha eit arbeidsutval/ foreldrerådsutval som administrerar arbeidet deira. Foreldrerådsutvalet skal fremje samarbeid mellom heim og barnehage. Møte i foreldrerådsutvalet skal haldast minst to gonger kvart år. Styrar skal kalla inn til første møte i rådet. Det skal førast møtebok i foreldrerådsutvalet. Utvalet held møter når det kjem aktuelle saker. Leiar i foreldrerådsutvalet har ansvar for å kalla inn til møte. I barnehagen vel foreldrerådet på første møtet om hausten 4 medlemer til barnehagen sitt foreldrerådsutval. Ein av dei blir også vald som representant for foreldra i samarbeidsutvalet. Foreldrerådesutvalet sin representant i samarbeidsutvalet har plikt til å gjera samarbeidsutvalet kjend med foreldrerådet si verksemd.
 
§5 OPPTAK
Søknad om opptak skal skrivast på fastsett skjema  som ein får i barnehagen eller på SISOF sitt kontor. Styrar i barnehagen gjer opptaket, avdelingsleiarane har  uttalerett. Plassane skal primært til delast barn av studentar, som studerer ved SISOF sine utdanningsinstitusjonar. Alle opplysningar om tilhøve som det skal takast omsyn til ved tildeling av plass, må følgje søknaden.
Om det skal takast omsyn til tilhøve knyta til særlege opptakskriterie, må stadfesting leggjast ved (t.d. frå lækjar, PPR – kontor, sosialkontor, barnehagepersonell.)
Ved opptak til barnehagen følgjer ein desse reglane for prioritering:
1.Born med funksjonshemming
2.Vanskar i heimen pga. sjukdom og/eller sosiale problem
3.Heiltidsstudenten skal prioriterast framfor deltidsstudenten og tilsette ved SISOF og HSF.
4.Einslege forsørgjarar, eller forsørgjarar som pga. studie/ arbeidet ikkje bur ilag i studieåret
5.Studieansinitet på studie institusjonane til SISOF
6.Begge foreldra er registrert som studentar.
 
Dato for opptak vert fastsett kvart år av barnehagestyraren. Prioriteringslista skal fylgjast ved første opptaket, deretter vil det verta fortløpande opptak etter mottak av søknad.
Barnet bør vera eit halvt år før det tek til i barnehagen. Born som ikkje fyller 3 år innan 31.12 i søknadsåret skal til vanleg ikkje få plass på avdeling 3-6 år. Under elles like vilkår har eigar lov til å fordele plassar med tanke på ein høveleg aldersfordeling. Barnet har plass så lenge ein av foreldra er student ved SISOF sine utdanningsinstitusjonar. Dersom ein er ferdig med studiet og barnet har igjen to år i barnehagen før det skal over til skulen, har ein rett på å behalda plassen til barnet skal over i skulen.
 
Barn som har hatt plass på avdelingane 0 – 3 år vert overflytta til avdeling 3- 6 år når alderen tilseier det. Foreldra kan seia opp plassen med 1 månads varsel rekna frå den 1. i månaden. Det er ikkje høve til å seia opp plassen seinare enn 1 mars og med verknad frå 1. april. Skulle ein gjere det, må ein betale ut barnehage året. Det vert ikkje gjeve fritak for foreldrebetaling i praksisperioden, men det vert høve til framleige av barnehageplass i 3- 6 mnd. dersom ein student må ha praksis andre plassar enn i Sogndal og må ta barnet sitt ut av barnehagen.
 
§ 6 TILVENJING.
Når eit barn skal ta til i barnehagen skal næraste føresette vere hjå barnet i tilvenjingsperioden. Det vil seie til barnet har funne seg til rette i barnehagen. Tilveningstida kan variere frå 2-3 dagar til ca. 14 dagar.
 
§ 7 HELSEATTEST. SJUKDOM.
Sjuke barn må ikkje møte i barnehagen. Med sjuke barn meiner ein barn som har feber, omgangssjuke, utslett, smittsame sjukdomar som gjer at barnet ikkje kan vere ute eller treng særskilt tilsyn. Vert eit barn borte frå barnehagen p.g.a. sjukdom eller av andre grunnar, må det meldast frå til styrar eller avdelingsleiar snarast råd.
 
§ 8 FORELDREBETALING.
Betalingssatsane vert vedtekne av styret for SISOF. Det vert ikkje høve til friplass. Ved tildeling av plassar i studieåret, skal det betalast for ein heil månad dersom barnet får plass før det 15. i månaden. Får ein plass etter den 15. i månaden, skal ein betale berre for halv månad. Det vert ikkje gjeve fråtrekk for fråvær, heller ikkje for dei dagane barnehagen har stengt p.g.a. ferie. Betalinga skal skje innan den 15. i kvar månad. Ved uteståande foreldrebetaling vert dei føresette gjevne beskjed om at dei misser plassen dersom betaling ikkje skjer innan 14 dagar etter 2. gongs purring. Dei som er skuldig betaling for barnehageplass vil ikkje verte tildelt barnehageplass ved seinare opptak.
 
§ 9 LEIKAR.
Private leikesaker som barn har med kan barnehagen ikkje ta ansvar for.
 
§ 10 OPNINGSTID.
Opningstid og feriestenging for barnehagen vert avgjort av SISOF. Inntil vidare gjeld desse tidene. Barnehagen er open frå kl. 07.30 til kl. 16.15 frå måndag til fredag. Barnehageåret i Studentbarnehagen er frå 1.8 til 30.6. I samråd med foreldra har barnehagen stengt i perioden julafta til nyttårsdag og i påskeveka. Barnehagen vil i samråd med foreldra ha noko utvida opningstid i samband med eksamenslesing.
 
Personalet skal ha 6 planleggingsdagar i året. Det skal opplysast om kva dagar som vert planleggingsdagar ved starten på kvart barnehageår.
 
§ 11 LEIKE- OG OPPHALDSAREAL.
Norma for leike- og opphaldsareal er etter departementet si rettleiande norm.
 
§ 12 DUGNAD.
Foreldra/føresette må gjerast merksam på at dei vil bli kalla inn til dugnad på uteleikeplassområde, eller i barnehagelokala.
 
§ 13 TEIEPLIKT.
Styret og alle som arbeider i barnehagen har etter barnehagelova sin § 16 teieplikt etter reglane om teieplikt i Forvaltningslova, §§ 13 og 13 a-f, tilsvarande.
 

 

 

Kontaktinformasjon:

Barnehagestyrar Karin Uglum

e: karin.uglum@sisof.no
t: 57 67 35 00

 

Rules concerning SISOF's kindergarten in Sogndal.