Studentrådgjeving
Sisof driv ei psyko- sosial helseteneste som tilbyr samtalar med kvalifisert helsepersonell. Tilbodet er ikkje meint som ei erstatting for det offentlege helsevesenet, men som eit tilbod for å møte studentane sine særskilde behov for tilgjenge og kompetanse i ei spesiell livsfase.
Alle kan oppleva vanskar i livet og for somme kan det vera vanskeleg å komma vidare. Det syner seg at det kan hjelpa å snakka med nokon. Som student er du velkommen til samtale om det du måtte ha på hjarta. Vi tilbyr samtalar og kurs knytt til ulike problemstillingar. Saman prøver vi å finne ut kva hjelp du kan ha nytte av. Nokre gonger vil løysinga vera å henvisa vidare til ei anna teneste.
Kva kan du få hjelp til?
Først og fremst – nokon å snakke med.
· Er du ny student og ikkje finn fram i systemet
· Har du vanskar med å finne deg til rette og vurderer å slutte med studia
· Har du fysiske/psykiske helseproblem og ikkje veit kvar du kan få hjelp
· Er du i ein krisesituasjon, slit du med angst, depresjon og/eller søvnproblem
· Har du spiseproblem
· Har du eit rusproblem
· Treng du hjelp til å søke offentlege helse og/eller sosialtenester
· Er du åleinemor/far og treng rådgjeving
· Har du lese og skrivevanskar
· Slit du med eksamensangst
· Føler du deg einsam og treng nokon å prate med
· Slit du i studiesituasjonen med til dømes med struktur i studiekvardagen, pensumlesing, eksamenslesing osb
Ikkje nøl med å ta kontakt !
Vi har teieplikt
I tillegg til samtalar tilbyr vi hjelp til å søka særordningar i høve eksamen, studiekvardag, diverse hjelpemiddel og liknande for til dømes dyslektikarar og andre med lese og skrive vanskar, kronisk sjuke eller andre som treng slike ordningar.
Tilbodet er gratis for alle studentar og du kan komma utan timeavtale.
|