Studiar med støtte- SMS
STUDIAR MED STØTTE - eit lågterskeltilbod for studentar med psykiske vanskar.
Studentsamskipnaden, Høgskulen i Sogn og Fjordane og NAV samarbeider om å gje studentar med psykiske vanskar faglege og sosiale moglegheiter til å nå studiemåla sine.
SMS har ei tredelt målgruppe.
- Ferske studentar frå vidaregåande skular, arbeid ol.
- Studentar som har hatt ein pause i studiane.
- Studentar i sluttfasen som innan kort tid skal søka arbeid.
SMS er eit individuelt tiltak der studenten er med å utarbeide ein handlingsplan i samarbeid ein representant for tiltaksarrangøren som Nav nyttar. No er dette ei teneste som Luster arbeidssenter leverer.
Vi skreddersyr individuelle opplegg til den enkelte deltakar ut i frå personlege behov.
Som deltakar i SMS tilbyr vi støtte og motivasjonssamtalar, hjelp til å laga struktur i kvardag og studium, nokon å gå saman med på førelesing og eksamen med meir.
Er dette noko for deg?
For meir informasjon, ta kontakt med:
- Studentrådgjevar Berit Pettersen i Sogndal Mobilnr: 99 29 91 93
- Studentrådgjevar Margit Larssen i Førde Kontornr: 57 72 25 67
- Studierettleiar Turid Mølmesdal ved HSF Kontornr: 57 67 61 32
- Anita Kjørlaug Luster Arbeidssenter Mobilnr: 48 07 55 42