SISOF
  Tenester   Om SISOF   Bli student   Studentliv   Kontakt oss 
  Søk
SISOF
Studentsamskipnaden
i Sogn og Fjordane


Trolladalen 30
6856 Sogndal

Tel: 57 67 62 90
E-post: post@sisof.no


English  |  Sidekart


Hisf

Gasta

Admin
 

Kantine

Velkomen til våre studentkantiner

SISOF driv fleire kantiner tilknytta Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi har to kantiner i Sogndal, ei i Førde og ei på Sandane som er open ved samlingar.SISOF ynskjer å tilby sunn og god mat til rimelege prisar i trivelege miljø.

Vi serverer frukost, lunsj og middag, vi tilbyr grillrettar og salatbar, og varm og kald drikke. Skulle du få lyst på det, kan vi også freiste med snacks og noko ”godt til kaffien”.


Du kan også tinge mat og drikke frå kantinene om du skal arrangere møte og seminar. Ta kontakt for meir informasjon om dette!

Ønskjer du vegetar eller allergitilpassa mat, er det berre å ta kontakt!

Kantinene i Kulturhuset og på Camus Fosshaugane i Sogndal:
I Sogndal finn du kantina i Kulturhuset der vi serverer lunch og middag, på Campus Fosshaugane serverer vi frukost og varm og kald lunch.

Kantina i Førde:
I Førde har vi ei kantine, plassert sentralt i høgskulebygget på Vie.

 

 

Kantine SISOF

 

Kontaktinformasjon:

Hugo Wikan
e: hugo.wikan@sisof.no
t: 57 67 76 59
 

Opningstider:

Kulturhuset

Mandag-torsdag  08:30 - 17:30

Fredag                 08.30 - 16:30

Fosshaugane Campus

Mandag-fredag    09:00-14:00

Foto