Elvatunet
Den korte avstanden til høgskulebygget på Foss (200 m) og sentrum gjer det svært populært å bu på Elvatunet. Totalt er det åtti hyblar og åtte leilegheiter fordelt på fem to-etasjes hus på området.
Fem og fem hyblar deler to bad og kjøken/fellesstove. Alle hyblar er møblerte med sovesofa, salongbord med stol, arbeidsbord med stol, garderobeskap. Kjøkenet er ustyrt med kvitevarer (komfyr, kjøl/frys), fellesareal/stove med sofa og salongbord. Husa har to høgder med ein seksjon på kvar side av midtgangen i kvar etasje. Fem hyblar deler eit kjøken og to bad og alle hyblar har eigen bod. Kabeltv og gratis tilgang til internett.
Hyblane er utstyrt med:
- rammemadrass
- skrivebord
- skrivebordslampe
- telefon
- arbeidsstol
- salongbord
- stol og klesskap
Du må sjølv ta med sengekle og kjøkkenutstyr. Sykkelbod ute. Gode parkeringstilhøve. Vaskeri med kortsystem