Bu i ein grisebinge?
Ingen likar å bu i en grisebinge – har du det reint rundt deg aukar trivselen og slitasjen på bustaden vert mindre.
- Alle leigebuarane er sjølve ansvarleg for reingjering og rydding av fellesareal. Vaskelister vert hengt opp på oppslagstavla.
- Vask skal skje mandagar og vil verta kontrollert tysdagar. Driftsavdelinga vil kontrollere at reinhaldet/ryddinga vert utført – ved manglande eller mangelfullt reinhald/rydding vil SISOF nytte vaskebyrå til å utføre reinhaldet, og
- SISOF vil fakturere leigebuaren for dette.
- Dersom det er uklart kven som skal fakturerast vert faktura delt på heile seksjonen/etasjen det gjeld.
- Set utstyr for vask /reinhald: støvsugar, bøtte osb. tilbake på plass i vaskerom/bøttekott når du er ferdig, så slepp andre å leite etter det.
- På Studentheimen, Elvatunet og Stedjeåsen finn du reine klutar og moppar i vaskeriet.
- Brukte moppar og klutar skal leggjast i dunk på vaskeriet merka ”brukte klutar”. Det blir ikkje sett ut vaskemiddel av SISOF, dette må du sjølv sørge for.