ENØK - Energiøkonomisering
Hjelp oss å unngå unødig auke i husleigene. For kvar 100-kronar du betalar inn i husleige går det ut att om lag kr. 20 til straum.
Tenk energi:
- Slå av unødig lys (tome rom=mørke rom).
- Sløs ikkje med varmtvatnet.
- Luft kort og effektivt.
- Gå ikkje frå opne vindauge.
- Hald rett innetemperatur – slå ned varmen i staden for å setja opp vindauge når det vert for varmt.
- Har du problem med innstilling av panelomnar eller varmekablar tek du kontakt med driftsavdelinga.
- Det er strengt forbode å røre termostatbrytar for golvvarme på Stedjeåsen (alle bad og stove 1.etg) og Studentheimen (alle bad).
- Desse er innstilt (og plombert) slik at dei ikkje skadar golvbelegg og liknande. Du kan bli erstatningspliktig om du bryt plomberinga!
- Berre lyspærer på fellesareal vert skifta av SISOF.