Husverten
Husverten er ein medstudent som bur på studentbustaden og er kontaktperson mellom deg og SISOF.
Husverten skal m.a kunne svare på praktiske spørsmål om korleis det er å bu i studentbustaden og informere deg om SISOF sine tilbod. Husverten vil vere med på å skape eit godt bumiljø på studentheimen og dersom det oppstår konflikt mellom leigebuarar vil husverten prøve å mekle mellom partane.
Om du vil ha tak i husverten – sjå og på oppslagstavla. Der finn du både namn, husnummer, telefonnummer og oppdatert informasjon frå husverten.