Oppseiing av leigekontrakten
SISOF sin standardkontrakt er på ti månader, frå 15.8 til 15.6. Kontrakten opphøyrer utan oppseiing 15.6,
men du vil få høve til å fornye leigeavtalen til du er ferdig med studia.
Om du vil flytte ut før 15.6 har du 3 månaders oppseiingstid gjeldande frå 1. i komande månad. Om du til dømes berre skal bu ut mai månad må du seie opp før 1. mars.
Oppseiing av leigekontrakt skal skje skriftleg, jamfør leigekontrakten. E-post vert akseptert, men er ikkje gyldig som oppseiing utan ei stadfesting frå HiSF.
Dette gjeld også kansellering av akseptert kontrakt før innflytting. Ved kansellering av kontrakt som går frå 15/8 vil det normalt ikkje koste deg noko om du seier opp før 1/8. Etter 1/8 vil SISOF kunne ta seg betalt for kostnader og etter kontraktsstart 15/8 gjeld vanleg oppseiingstid, uansett om du har flytta inn eller ikkje.