Søk studentbustad
Er du ny søkjar/brukar, må du først registrere deg som brukar med personopplysningar. Brukarnamn vil vere e-postadressa og du vel sjølv eit passord på minst 8 teikn. Tidlegare brukarar må frå januar 2011 konvertere gamalt brukarnamn/passord til nytt, kontakt SISOF om du ikkje får dette til. Du kan seinare logge deg på for å legge inn søknad, sjekke status og finne husleigefaktura.
NB! SISOF sender ikkje ut leigekontrakt på papir, du kan signere digitalt eller skrive ut kontrakten signere og sende han til oss.
Søknad om bustad hjå SISOF
skjer på www.boligtorget.no/sisof
Studentbustad for studieåret 2011/2012.
Frå 2011 er det nokre endringar i SISOF sine reglar for tildeling av studentbustad. Det er også endringar i leigekontrakt, reglement og husleigesatsar.
For dei som skal avslutte leigetilhøvet med SISOF 15.06.11 eller tidlegare, vil ikkje desse endringane bety noko. Bur du hjå SISOF no og ønskjer ny kontrakt for komande studieår, eller om du er student eller ønskjer å bli student frå august og vil leige hjå SISOF – då bør du setje deg inn i dei nye reglane og vilkåra som gjeld.Leigekontrakt for 2011/2012 og nye husleigesatsar for komande studieår vil bli lagt ut på nettet i løpet av februar.
Tildelingsreglement for SISOF sine studentbustader, gjeldande frå 01.01.2011.
Dei viktigaste reglane er:
Dei som bur hjå SISOF, kan søke om ny kontrakt, om dei elles oppfyller vilkåra for tildeling. Frist for fornying er 1.mars, men eigen info går ut til leigebuarane om dette.
Det er ei hovudtildeling for 2011/2012 med søknadsfrist 1.juni 2011. Søknader til denne tildelinga vert berre akseptert frå 1.mars 2011, tidlegare søknader vil bli sletta. Sidan hovudtildelinga har ein frist (1/6), er det ikkje vesentleg når ein søkjer, berre søknaden vert registrert hos SISOF i tidsrommet 1/3-1/6. Der søkjarar elles står likt, vert tildelinga avgjort med loddtrekking.
Søkjarar under 20 år og tilreisande studentar vil bli prioritert.
Utanom hovudtildelinga vert studentbustader tildelt fortløpande.
Søknader som er eldre enn tre månader vert sletta, om ikkje søkjar aktivt gjev tilbakemelding om at søknaden framleis er aktuell. Ventelister vert sletta ved semesterstart i august og 15.januar.
Standard leigeperiode for studieåret 2011/2012 er 15.08.11-15.06.12.
Har du spørsmål - ta gjerne kontakt på post@sisof.no
SISOF var første studentsamskipnaden med elektronisk signatur av leigekontrakten. Har du fått Bank ID frå banken din, kan du signere og akseptere leigekontrakten elektronisk. Dei fleste studentane brukar no å signere kontrakten på denne måten, sikkert og raskt utan bruk av papir. Er du usikker på dette, så kontakt banken din om Bank ID.