Søk studentbustad
Er du ny søkjar/brukar, må du først registrere deg som brukar med personopplysningar. Du får då tildelt brukarnamn og passord, som du brukar når du loggar deg på for å legge inn søknad, eller seinare for å sjekke status. NB! SISOF sender ikkje ut leigekontrakt på papir, du kan signere digitalt eller skrive ut kontrakten og sende han til oss.
Søknad om bustad hjå SISOF
skjer på www.boligtorget.no/sisof
Studentbustad hjå SISOF studieåret 2010/2011
Studentar som leiger hjå SISOF inneveande studieår hadde tilbod om å fornye kontrakten innan 15.mars 2010. Føresetnaden for ny kontrakt er at du skal vere student komande studieår, at all husleige er betalt og at du ikkje har sagt opp leigekontrakten.
Info til leigebuarane om fornying med frist 15.mars, utflytting og sommarleige, frist for å returnere og fylle ut skjemaet var også 15.mars.
Etter fornying har 'gamle' studentar prioritet, deretter blir det sendt ut tilbod til nye studentar.
Studieåret 2010/2011 startar 16. august i Sogndal og 17. august i Førde.
Standard kontraktsperiode er 15.08.2010 - 15.06.2011.
Ny student ved HSF frå august 2010 ? Du kan søke alt no.
SISOF sender ut tilbod til nye studentar før opptaket til høgskulane er gjort. Får du bustadtilbod før du har studieplass, kan du akseptere det og eventuelt seie opp kontrakten seinare. Det er ikkje mogeleg for SISOF å gje fortløpande tilbakemelding til alle søkjarar om status. Du må sjølv følgje med på sida di på Boligtorget. Meiner du at det går lang tid før du får eit tilbod? Forklaringa kan gjerne vere at du har søkt på alternativ som det er få av og liten sjanse for å få.
Har du spørsmål - ta gjerne kontakt på post@sisof.no
SISOF var første studentsamskipnaden med elektronisk signatur av leigekontrakten. Har du fått Bank ID frå banken din, kan du signere og akseptere leigekontrakten elektronisk. Dei fleste studentane brukar no å signere kontrakten på denne måten, sikkert og raskt utan bruk av papir. Er du usikker på dette, så kontakt banken din om Bank ID.