SISOF
  Tenester   Om SISOF   Bli student   Studentliv   Kontakt oss 
  Søk
 

Stedjeåsen - boliger

Stedjeåsen

Det er totalt 90 hyblar fordelt på tilsaman 12 to-etasjes småhus i Stedjeåsen. Hyblane på Stedjeåsen er dei hyblane som har høgst standard av dei bustadane som SISOF kan tilby i Sogndal. Kvart hus har åtte hyblar, fire på kvart plan. Hyblane ligg på ei høgde i Sogndal sentrum med gangavstand til høgskulen sine avdelingar i Sogndal. Nokre av hyblane har flott utsikt over Sogndal og Sogndalsfjorden.
 

  • Alle hyblar har eige bad, fire og fire hyblar deler kjøken og stove.
  • Hyblane har kabeltv og gratis tilgang til internett.

Sjå romplan frå ein underetasje her


Eit felleshus på området inneheld i tillegg til to hyblar tilpassa rullestolbrukarar også eit vaskeri (kortbasert) med vaskemaskiner og tørketromlar og postrom med postboks for kvar hybel. I samband med felleshuset er det uteplass for grilling og sykkelbod.I kvart hus er det to hyblar på 15,5 m2 (begge i underetg) og 6 hyblar på 12 m2.

Hyblane er møblerte med:

  • rammemadrass
  • bokhylle
  • salongbord med stol
  • skrivebord med stol og dobbelt garderobeskap.
  • Bad med wc, vask og dusj.
  • Kjøken med kvitevarer (komfyr, kjøl/fryseskap).
  • Stove med sofa og salongbord. 

Du må sjølv ta med sengetøy (dyne/pute) og kjøkenutstyr, evt. TV og datamaskin.

 

 

 

Meir om Stedjeåsen

 

Husvert

Kristine Sande er husvert i Stedjeåsen.

Kristine Sande

Kristine bur i hus 15 hybel 15-2 og kan kontaktast på telefon 41 66 01 88 og e-post kristiine1988@hotmail.com.


 

Foto