Studentheimen - ein klassikar
Studentheimen er ei "studentblokk" på tre etasjar med totalt 60 hyblar der to og to deler bad og minikjøken, 18 hyblar med eige bad der tre og tre hyblar deler kjøken og seks to-roms leilegheiter. Studentheimen ligg i Sogndal sentrum og her finn du dei mest sentralt plasserte bustadane. Sidan det er mange studentar samla her vert det ofte mykje liv her i helgene. Blokka har blitt totalrenovert dei siste åra m.a er det nytt ventilasjonssystem og alle bad er flislagt. Det er 6 fellesstover - to i kvar etasje.
Alle bustadene er møblerte. Hyblane har sovesofa, salongbord med stol, arbeidsbord med stol, garderobeskap. Nokre hyblar har bokhylle.
- Dublettkjøken inneheld kjøleskap, komfyr og enkel kjøken innreidning.
- Høve til å nytte steikeomn, mikrobølgeomn og oppvaskmaskin i kjøken ved fellesstove.
- Du må sjølv ta med sengetøy (dyne/pute),kjøkenutstyr, evt. TV og datamaskin.
- Leilegheitene ligg i kvar sin ende av bygget - to i kvar etasje. Alle leilegheitene er møblerte.
- Romplan for Studentheimen finn du her
- Vaskeri med kortsystem finn du i kjellaren. Der er det også boder for oppbevaring.
- Parkeringsplass (ca 20 bilar), på framsida av bygget.
- Sykkelbod og kajakkbod plassert ved inngang til kjellar.
- Høghastigheit internett tilkopling og kabeltv er inkludert i husleiga
- Nytt framtidsretta brannalarm system.
- Straum inkludert i husleiga