Treng du hjelp frå vaktmeister?
Hugs at arbeidstida til SISOF er frå mandag til fredag kl 08:00 til 15:30
Når du vil seie i frå om feil manglar eller anna du treng vaktmeister til, skal du helst bruke feilmeldinga.
Atle er Bustad/driftsleiar og er ansvarleg for bustad og vaktmeisterfunksjonane. Han har kontor i administrasjonen til SISOF.
Birger og Ove er vaktmeistrar og kan hjelpe deg med det meste i bustaden.
Kåre Rune Gjelsvik er vaktmeister i Førde og hjelper deg her.
Tips: send oss gjerne SMS om det er noko du vil gje beskjed om
- Vaktmeister har faste rundar normalt mandag og/eller tysdag.
- Har du beskjedar om feil/manglar brukar du eigen link til feilmelding, dersom det ikkje er akutte problem.
- Er det noko som skal reparerast eller undersøkast i bustaden vil vaktmeister låse seg inn sjølv om du ikkje er inne.
- Ønskjer du å vere til stades må du skrive det på meldinga. Svar blir lagt inn på hybelen din med melding om kva som har blitt gjort/utbetra.