SISOF
  Tenester   Om SISOF   Bli student   Studentliv   Kontakt oss 
  Søk
 

Studentbustader

Studentbustader



 

Tildelingsreglement for SISOF sine bustader

Frå 2011 er det nokre endringar i SISOF sine reglar for tildeling av studentbustad.  Det er også endringar i leigekontrakt, reglement og husleigesatsar.

For dei som skal avslutte leigetilhøvet med SISOF 15.06.11 eller tidlegare, vil ikkje desse endringane bety noko. Bur du hjå SISOF no og ønskjer ny kontrakt for komande studieår, eller om du er student eller ønskjer å bli student frå august og vil leige hjå SISOF – då bør du setje deg inn i dei nye reglane og vilkåra som gjeld.

Tildelingsreglement for SISOF sine studentbustader, gjeldande frå 01.01.2011.

Dei viktigaste reglane er:

Dei som bur hjå SISOF, kan søke om ny kontrakt, om dei elles oppfyller vilkåra for tildeling. Frist for fornying er 1.mars, men eigen info går ut til leigebuarane om dette.

Det er ei hovudtildeling med søknadsfrist 1.juni. Søknader til denne tildelinga vert berre akseptert frå 1.mars, tidlegare søknader vil bli sletta. Sidan hovudtildelinga har ein frist (1/6), er det ikkje vesentleg når ein søkjer, berre søknaden vert registrert hos SISOF i tidsrommet 1/3-1/6.

Der søkjarar elles står likt, vert tildelinga avgjort med loddtrekking.

Søkjarar under 20 år og tilreisande studentar vil bli prioritert.

Utanom hovudtildelinga vert studentbustader tildelt fortløpande.

Søknader som er eldre enn tre månader vert sletta, om ikkje søkjar aktivt gjev tilbakemelding om at søknaden framleis er aktuell. Ventelister vert sletta ved semesterstart i august og 15.januar.

Standard leigeperiode for studieåret 2011/2012 er 15.08.11-15.06.12.

Det nye tildelingsreglementet finn du her.

 

SISOF sine studentbustader:

Sogndal

Studentheimen: 78 hyblar og 6 leilegheiter Kaupangerskogen: 17 leilegheiter Stedjeåsen: 90 hyblar Elvatunet: 80 hyblar og 8 leilegheiter

Førde - Vieåsen

80 hyblar og 5 leilegheiter

Sandane

2  internatbygg            

SISOF har i dag desse bustadtilboda (nokre hyblar er spesialtilpassa til funksjonshemma)

 

Det er røykeforbod i alle SISOF sine bustader, dette gjeld og fellesareal.

Vi gjer og merksam på at det ikkje er lov å ha hund og katt

 

 

 

Kontakt

Kontaktinformasjon

Opnigstid SISOF 08:00 til 15:30 mandag til fredag

Konstituert bustad / driftsleiar

Atle Skarsbø
E: atle.skarsbo@sisof.no
Mob: 95138052 

Bustadkonsulent

Bjarne Gjermundstad

Bjarne
E: bjarne.gjermundstad@sisof.no
Tel: 57676299