Studentprest i Sogndal

Kver fredag frå kl.09.00-15.30 vil det vere ein studentprest til stades i administrasjonen vår i Stadionbygget på Campus.

Denne studentpresten heiter Nils Einar Berget og er tilsett i kyrkja i eit vikariat fram til sommaren.
Nils er sunnmøring busett i Sogndal med kone og to born. Nokon av studentane kjenner kanskje til han allereie gjennom ski- eller terrengsykkelmiljøet der han er aktiv og engasjert. 

Som studentprest vil han sørgje for at studentane har moglegheit til å utøve trua si, og lære meir.

Korleis han kan gjera det kan kanskje DU seie noko om? Nils ønskjer gjerne tilbakemelding om nokon har ynskjer rundt dette.

Han ønskjer å:

  • ...vere tilgjengeleg for samtale når nokon ønskjer det. Her krevs det ikkje noko spesiell tru - aller er velkomne så lenge dei har noko dei ønskjer å snakke med ein prest om.
  • ...ha oversikta over det kristne tilbodet i bygda og prøva å gjera det tilgjengeleg for studentane.
  • ...halde enkle kvardagsgudstenester i ei drakt som (forhåpentlegvis) passar ungdommar og studentar.
  • ...få ting til å skje på høgskulen - blant studentane. Dette kan forhåpentlegvis gjere terskelen lavare for dei som er nysgjerrige.
  • ...starte enkle morgonsamlingar med bøn. Truleg fredagar frå klokka 08.30-09.00
  • ...arrangere temasamlingar med tema som Gud og det vonde, Tru og vitenskap, Bibelen som historisk kjelde og menneskesyn i bibelen.

Fram til studentprestens e-post er oppe og går vil de kunne ringa administrasjonen på fredagar, eller komme innom kontoret for å få kontakt med han.
Når e-post er på plass vil du finne den, samt informasjon om tenesta og aktivitetar HER.