Vil du vera med i ei Jentegruppe?

Også studentar opplever livsproblem, anten knytt til det å væra student, eller i livet i sin alminnelegheit. Etablering av sjølvorganiserte sjølvhjelpsgrupper på studiestadene kan vera ei støtte for studentar som slit.

SHoT 2014 (studentenes helse og trivselsundersøkelse) viste at kvinnelege studentar rapporterar mindre tru på eigen meistringsevne enn sine mannlege medstudentar. Dette er ikkje i samsvar med gjennomføringsevnen. Jentene klarar seg like bra som gutane, men har altså mindre tru på kva dei kan klare.

Med bakgrunn i SHoT 2014 ønskjer vi å starta ei eigen gruppe for kvinnelege studentar ved HISF som slit med mellom anna lavt sjølvbilete og dårleg tru på eigen mestringsevne.

Er du ei jente som treng å bygga opp trua på deg sjølv og dine evner til å prestera og meistra studenttilværelsen?

Då er du velkommen til å melda deg på jentegruppa som vil bestå av inntil 8 medlemmar.

Gruppeleiarar:

Studentrådgjevar i Sogndal, Berit Pettersen og Diakon Gitte Therkelsen Torstad vil leia gruppa i starten.

Etter kvert er det tenkt at gruppa vert ei rein sjølvhjelpsgruppe.

 

Oppstart:

Onsdag, 28. januar 2015, kl.13.30 – 16.00

Ein gong i veka dei fyrste par vekene. Deretter kver 14 dag.

For meir informasjon eller påmelding innan 15. januar 2015:

E-post: berit.pettersen@sisof.no

Telefonnummer: 57 57 62 95

Vi treng ditt namn, adresse, epostadresse, mobilnummer og kva studie du går på