50 nye studentbustader til Sogndal

Mandag morgon 17.mars offentleggjorde Kunnskapsdepartementet kva samskipnader som hadde fått tilskot til studenthyblar i 2014.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) var ein av samskipnadane som fekk tilskot.
SISOF er sers nøgd med tildelinga da signala på førehand var at størsteparten av tildelinga ville gå til sentrale strøk.
 
Dette betyr at SISOF vil kunne starte opp bygging av dei 150 studenthyblane som er planlagt.
SISOF har til no fått tilskot til 116 hybeleiningar og forventar å få dei siste 34 i neste tildeling i 2015.  Departementet delte ut 359 millionar totalt, og 3/4 gjekk til dei største byane. SISOF fekk 12 millionar.