Flytte inn i studentbustad?

Er du ein av dei som har fått bustad hjå oss?

Leigeavtalen for skuleåret 2014/15 går frå 1.august, og du kan då få overlevert nøkkel og flytte inn. 

I Sogndal kan du henta nøkkelen på SISOF sitt kontor i Stadionbygget på Fosshaugane Campus (Trolladalen 30) i kontortida måndag – fredag kl.8.00 - 15.30.

Laurdag 16.aug og søndag 17.aug kjem vi til å ha ope i administrasjonen i Sogndal kl. 16.00-18.00

I Førde må du kontakte vaktmeister Kåre Rune Gjelsvik (97598902) i kontortida måndag - fredag kl. 8.00 - 15.30 og gjere ein avtale med han om henting av nøklar.

Kan du ikkje kome innanfor opningstidene? I så fall må du kontakte oss i god tid (helst nokre dagar før avreise) og gjere ein avtale om korleis du kan få nøklane. Vi er ikkje tilgjengeleg utanom kontortid, og du må difor ha avtalt alternativ overlevering på førehand.

Alle som bur hos SISOF må sjølve halde dyne, pute og sengetøy, på kjøkkenet er det kokeplate/komfyr og kjøleskap, men du må sjølv ha med alt kjøkkenutstyr, panne, kasserolle, bestikk osb.

SISOF ønskjer deg velkommen som leigebuar og håpar du får eit triveleg studieår!