Ta frukosten i kantina!

Dei seier frukost er det viktigaste måltidet, og at "uten mat og drikke duger helten ikke".

No gjer vi det enklare for studentane våre å velja ein god og næringsrik start på dagen!
Kvardagar frå kl.8.00 til kl.10.00 sel vi frukost på Kafé Campus! 

Du kjøper rundstykke/baguett og ønska pålegg i kuvert, slik at du sjølv vel kva du vil ha på frukosten din. Du kan og kjøpa havregraut som eit godt og mettande alternativ.