Studentbustad frå januar?

Vi har ein eigen søknadsperiode for dei som ønskjer studentbustad frå januar 2015.

Vi opnar for desse søknadane 1.november, og har søknadsfrist 15.november.
Søknadar utanfor denne perioden vert ikkje tekne med i hovudtildelinga for januar.

Du kan søka på www.boligtorget.no/sisof 

Tildeling vil følge vekene etter søknadsfristen, og det er dei som får tilbod om studentbustad som får tilbakemelding.
Så lenge søknaden din står som 'ubehandla' tyder det at du står på venteliste.

OBS! Merk deg datoen 'aktiv til' i søknaden din! Dette er datoen søknaden din vil utgå. Du vil sjølv ha ansvaret for å gå inn på Boligtorget og aktivera søknaden på nytt så lenge du ønskjer å stå på venteliste hjå oss.