Forverring av studentanes psykiske helse

Kver femte norske student har alvorlege psykiske plager. Omfanget er dobbelt så høgt blant studentar som i befolkninga elles i same aldersgruppe.

Dette viser SHoT 2014, Noregs største undersøking om norske studentars psykiske og fysiske helse. Undersøkinga vart i dag overrakt helseminister Bent Høie på ei fremlegging i Oslo.

Undersøkinga avdekker at majoriteten av norske studentar trivst bra og mestrar studiekverdagen. Likevel viser det seg at ein større prosentandel av studentane slit psykisk enn den øvrige befolkninga.

SHoT viser også at det finnes tydelige forskjellar mellom kvinnelege og mannlege studentar. Kvinnelege studentar har i følgje SHoT meir angst for eksamenar og muntlige framføringar, dei føler seg mindre kompetente, og dei har lavare mestringskjensle enn sine mannlege kolleger.

Heile 13 600 studentar frå heile landet har svart på spørsmål om psykisk helse, fysisk helse, økonomi, studiemestring og mange andre tema.

Sjå samandraget av undersøkinga her 

Sjå presentasjonen frå framlegginga her