Studentane i Sogn og Fjordane trivst best!

Studentane i Sogn og Fjordane er blant dei som trivst best i landet.

SHOT 2014 er ei helse og trivselskartlegging blant studentar i Noreg. Det er 10 samskipnader som har deltake i undersøkinga. Det er ca 71% av studentmassen.

I rapporten om Studentane si helse og trivselskartlegging (SHOT) som blei lagt fram 3.september, kjem studentane i Sogn og Fjordane best ut saman med Trondheim og Ås. Undersøkinga kartlegg studentane si helse og trivsel i brei forstand, med hovudvekt på psykososiale forhold.

I rapporten står:

"Tilfredsheten er høyest i Trondheim, Bergen og Sogn og Fjordane, mens tilfredsheten er lavest i Hedmark og Harstad”.

Når det gjeld bustad i samanheng med trivsel kjem det også fram eit gledeleg resultat:

De som leier privat trives i gjennomsnitt like godt som de som leier hos samskipnadene. Blant studenter tilknyttet SiT, SISOF, SiH og SSH er trivselen med boligsituasjonen høyere blant samskipnadens beboere enn blant de som leier privat”.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skårar høgt på  dei fleste spørsmåla i undersøkinga.