Stenging av parkeringsplassane i Nedrehagen frå 26.januar

Vi skal i samarbeid med Sogndal kommune i gang med bygging av studentbustadar og parkeringskjellar i Nedrehagen (på andre sida av Fjærlandsvegen). Bygginga skal skje på tomta der parkeringsplassane i Nedrehagen ligg.

Byggjetida er planlagt frå neste veke (veke 5) i 2015 til august 2016. Dette vil føra til at parkeringsplassane i Nedrehagen vert stengd i byggjeperioden.

Alternativ til parkering

Det er normalt ledige parkeringsplassar bak tribuna ved Kvåle stadion. Desse plassane vil få høgare vedlikehaldsprioritet så lenge parkeringsplassen i Nedrehagen er stengt. 

Dei som har parkeringskort for uteparkering kan endre parkeringskortet til også å gjelde innandørs parkering på campus. Ein må då betale prisdifferansen mellom desse korta.

Nye parkeringstakstar frå juli

Sogndal kommune opplyser om at det vert endra takstar for parkeringskorta frå og med 1. juli 2015. Dei nye prisane er:

Utekort: 2600
Innekort (kan også nyttast ute): 3100
Studentkort: 1500

For dei som fornyar årskorta før 1. juli 2015 vil ein betale noverande pris for alle heile månader fram til 1. juli og ny pris for dei resterande månadane.

Vi har forståing for at stenginga kan gi utfordringar, men ser fram til nye parkeringsplassar og studentbustadar i 2016.