Utdeling av Studentprisen 2015

Studentprisen frå SISOF gjekk i år til 3 aktive og engasjerte studentar.

Måndag 16.mars blei prisen delt ut under VEKAO eksklusiv sitt arrangement.

Det er gledeleg å sjå at det er så mange aktive studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Juryen som skulle plukke ut prisvinnaren blant mange nominerte stod med tre namn dei ikkje kunne skilje frå kvarandre. Alle tre hadde vore sers aktive og har bidrege på ein utmerka måte på kvar sine område i studentmiljøet. Juryen bestemte difor at dei skulle dela ut tre prisar.

 

Vinnarane av Studentprisen 2015! Frå venstre: Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

Vinnarane av Studentprisen 2015!
Frå venstre: Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

Prisvinnarane er:

Roy Arve Hetle (Førde)

Frida Isungset (Sogndal)

Heidi Sofie Gommerud (Sogndal)
 

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane gratulerer alle tre med prisen!