Er du vårt nye styremedlem?

Er du student og har lyst til å vere med å påvirka studentsamskipnaden ved å sitta som studentvald i styret?

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane arbeider etter følgjande forretningsidé:

"SISOF skal drive velferdstilbod for studentane ved HiSF. Vi skal tilby bustader, kantiner, bokhandel, studentkro, barnehage og helsetenester. SISOF skal bidra til trivsel og gode opplevingar for studentane i nært samarbeid med HiSF. Vi skal og ha eit nært samarbeid med høgskulen med tanke på framtidig rekruttering av studentar.
SISOF skal ha god fagkompetanse på dei aktuelle tenesteområda. God sørvis skal vere eit varemerke for oss."

Valkomiteen består av studentmedlemmar i SISOF-styret og innstiller til Studentparlamentet, som den 23. april skal velja representantane.

Styrets arbeidsoppgåver:

  • Føre tilsyn med daglig leiing og med selskapets virksomhet. Styret skal sørgje for at verksemda har forsvarleg organisering, tilstrekkeleg kvalifisert personell og klare ansvarslinjer.
  • Halda seg orientert om verksemdas økonomiske stilling. Det er styrets ansvar å påse at selskapet har ein forsvarleg eigenkapital og likviditet i forhold til risiko og omfang av selskapets virksomhet.
  • Fastsette budsjettar, strategi, handlingsplanar, og kontrollera at dette gjennomføras.
  • Styret skal påse at verksemda har tilstrekkelege planar, budsjetter, økonomiske rapportar, forsikringar, retningslinjer og revisjon. Styret skal og kontrollera at dagleg leiar følgjer planar og rapporteringsrutiner.
  • Elles forventas det engasjert deltaking på møter og arrangement.

Kvalifikasjonskrav:

  • Erfaring frå – eller kjennskap til styrearbeid vil vere ein fordel, men det er ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar:

  • Du er nøyaktig og ryddig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Initiativrik, engasjert, motivert og utviklingsorientert
  • Ansvarsbevisst og høy integritet

Som styremedlem i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane får du:

  • Ei heilt super erfaring
  • Trivelege kolleger og eit godt miljø
  • Møtegodtgjersle til styrets medlemmar

Nominer deg sjølv, eller ein du meiner har det som skal til!

Siste frist for nominering er fredag 10. april.

Dersom du har spørsmål kan dei rettas til styrets leiar Karl-Erik Strøm Skogseid, epost: karl-ers@stud.hisf.no eller telefon: 932 03 165.

Nominering gjeras anten ved å senda søknad til karl-ers@stud.hisf.no eller fylla ut skjema HER