Grilldag 20.mai

Våren er her og sommaren nærmar seg med stormskritt! Sola varmar og dagane vert lengre.
Men med vår og sommar kjem og eksamen og innlevering av bachelor- og masteroppgåve!


Midt i ei hektisk eksamensperiode kan det vere godt med ein pause og god mat!

Difor set vi opp grillen 20.mai i perioden kl.12.00-18.30 og diskar opp med sommarkotelettar med og utan marinade og hamburgarar, alt med tilbehør.

Så ta deg ein ekstra god lunsj eller middag på onsdag i lag med oss!