Flytte inn på studentbustad

Er du ein av dei som har fått bustad hjå oss?

Leigeavtalen for skuleåret 2015/16 går frå 1.august, og du kan då få overlevert nøkkel og flytte inn frå og med måndag 3.august sidan 1.august er i helga; jamfør leigeavtalen § 7-2. 

I Sogndal kan du henta nøkkelen på SISOF sitt kontor i Stadionbygget på Fosshaugane Campus (Trolladalen 30) i kontortida måndag – fredag kl.8.00 - 15.30.

I Førde må du kontakte vaktmeister Kåre Rune Gjelsvik (97598902) i kontortida måndag - fredag kl. 8.00 - 15.30 eller sende ein e-post til kare.gjelsvik@sisof.no for å gjere ein avtale med han om henting av nøklar.

Kan du ikkje kome innanfor opningstidene?

I så fall må du kontakta oss på post@sisof.no i god tid (min. 3 dagar før helg eller 2 dagar før ankomst kveldstid måndag-fredag) og gjere ein avtale om korleis du kan få nøklane. Vi er ikkje tilgjengeleg utanom kontortid, og du må difor ha avtala alternativ overlevering på førehand.

Alle som bur hos SISOF må sjølve halde dyne, pute og sengetøy, på kjøkkenet er det kokeplate/komfyr og kjøleskap, men du må sjølv ha med alt kjøkkenutstyr, panne, kasserolle, bestikk osb.

SISOF ønskjer deg velkommen som leigebuar og håpar du får eit triveleg studieår!