Afterski-buffet på skidagen 9.mars

Det er viktig å få i seg mat etter ein lang dag med mykje moro i skitrekket!

Kokkane våre er heilt einig og gjer det difor SÅ enkelt for dykk på skidagen under VEKAO at dei vil laga til ein afterski-buffet frå kl.1400 til 18.00 på Kafé Campus.

Onsdag 9.mars frå kl.14.00 kan du då kjøpe Afterski-buffet for kr 125,- (kr 156,- viss du ikkje er student). Prisen inkluderer 1 Coca Cola/Zero og MYKJE god mat. 

 

Buffeten inneheld mellom anna:

Barbequemarinert ribbe
Hamburgar
Kyllingvinger
Fritert fiskefilet
Bakt potet m/tilbehør
Friterte løkringar
Pommes frites
Stor salatbuffet og brød

Det vil og vere flerie vegetartilbod!

 

 

 

Så ta med deg matlyst, godt humør og gode venner, for hugs at 'utan mat og drikke, dug helten ikkje'.