Ledige studentbustader i Sogndal og Førde

Vi har ledige studentbustader både i Sogndal og Førde, og du kan no sikra deg ein av dei!

Signerer du leigeavtale med SISOF, med kontraktstart februar/mars, vil du og få tilbod om å fornya kontrakten for neste studieår.

Meir informasjon om korleis du søker finn du her.
Meir informasjon om våre bustader og kontraktar finn du her.

Kvifor studentbustad?

  • God kvalitet, konkurransedyktige priser og ryddige leigeavtaler.
  • Fastsatt pris på husleiga gir deg ein forutsigbar utgift heile studieåret.
  • Gratis trådlaust nett! SISOF har satt opp HiSF sitt trådlause nett, Eduroam, på alle våre bustader. 
  • Straum inkludert i husleiga (med unntak av 5 leilegheiter i Førde).
  • RiksTV er kopla opp på alle fellesstover.
  • Vaktmeister er tilgjengeleg alle kvardagar innanfor opningstid. Det gjer at utbetring av feil/manglar vert følgd opp og utført snarast mogleg.
  • Felles stove/kjøken gir rom for fellesskap og samhald med dei du bur i lag med.
  • Husøkonom og studentråådgjevar hjelper til  med samtaler og mekling viss det skulle oppstå konflikt mellom leigebuarar.