Nominasjon til studentprisen 2016

SiSOF sin studentpris vil bli delt ut til ein eller fleire studentar som har vore sers aktive.
Kven som får prisen kan DU vere med å påvirka ved å senda inn din nominasjon.

Under finn du reglar, retningsliner og informasjon om prisen og prosessen.

Vinnarane av Studentprisen 2015 Frå venstre: Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

Vinnarane av Studentprisen 2015
Frå venstre: Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

 

REGLAR OG RETNINGSLINER FOR STUDENTPRISEN

Prisen

Studentprisen kan delast ut til ein eller fleire studentar som har utmerka seg med eit spesielt engasjement rundt studentsosialt arbeid.

Prisen er på 7500 kr og kan delast på fleire studentar. Det kan og delast ut fleire prisar.
Prisen blir delt ut under VEKAO 2016.

Ein jury beståande av studentane i SISOF sitt styre og leiar i studentparlamentet vil avgjere kven som får prisen.

Prosessen

Forslag på studentar må sendast inn til juryen.

Både studentar og tilsette ved høgskulen eller SISOF kan nominere.

Forslag må innehalde namn, kontaktinformasjon og ei god grunngjeving kvifor nettopp denne eller fleire studentar bør få prisen. Lag ein beskrivande CV på den du nominerer, slik at juryen har bakgrunnsinformasjon om den nominerte. 

Dei som sit i juryen kjenner ikkje alle studentane, det er difor vesentleg med ein utfyllande grunngjeving for den nominerte kandidaten.

Krav til dei som skal nominerast

Nokre av desse kriteria må vera oppfylte for at studenten skal bli vurdert av juryen.

Den/dei nominerte..

  • ..skal vera eller har vore student ved HiSF seinast for 2 år sidan, alle studentar kan nominerast
  • ..har utmerka seg spesielt med å skapa eit godt studentmiljø
  • ..har brukt vesentleg del av fritid på studentsosialt fremmande aktivitetar
  • ..har vore med å utvikle positive nye aktivitetar innan studentmiljøet
  • ..har vore aktivt med å fremme studiestaden som ein flott plass å studere

Innlevering av nominasjon

Nominasjon sendast til studentpris@sisof.no ,  post@sisof.no eller leverast SISOF sin resepsjon i Stadionbygget på Fosshaugane Campus.

Frist for innlevering av nominasjon er 28.februar 2016.

Prisen blir delt ut under arrangementet VEKAO ekslusiv måndag 7.mars.