Nominasjon til studentprisen 2017

Vinnarane av Studentprisen 2015: F.V. Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

Vinnarane av Studentprisen 2015: F.V. Roy Arve Hetle, Heidi Sofie Gommerud og Frida Isungset

SiSOF sin studentpris har blitt delt ut kvart år. Vi held fram med tradisjonen som Studentsamskipnaden på Vestlandet og treng difor DI meining om kven som fortener årets pris.

Prisen vil bli delt ut til ein eller fleire studentar som har vore sers aktive.
Kven som får prisen kan du vere med å påvirka ved å senda inn din nominasjon innan søndag 5.mars.

Under finn du reglar, retningsliner og informasjon om prisen og prosessen.

 

REGLAR OG RETNINGSLINER FOR STUDENTPRISEN

Prisen

Studentprisen kan delast ut til ein eller fleire studentar som har utmerka seg med eit spesielt engasjement rundt studentsosialt arbeid.

Prisen er på 7500 kr og kan delast på fleire studentar. Det kan og delast ut fleire prisar.
Prisen blir delt ut under VEKAO 2017.

Ein jury beståande av 3-4 studentrepresentantar og 1 representant frå Studentsamskipnaden vil avgjere kven som får prisen.

Prosessen

Forslag på studentar må sendast inn til juryen.

Både studentar og tilsette ved HVL eller Studentsamskipnaden på Vestlandet kan nominere.

Forslag må innehalde namn, kontaktinformasjon og ei god grunngjeving kvifor nettopp denne eller fleire studentar bør få prisen. Lag ein beskrivande CV på den du nominerer, slik at juryen har bakgrunnsinformasjon om den nominerte. 

Dei som sit i juryen kjenner ikkje alle studentane, det er difor vesentleg med ein utfyllande grunngjeving for den nominerte kandidaten.

Krav til dei som skal nominerast

Nokre av desse kriteria må vera oppfylte for at studenten skal bli vurdert av juryen.

Den/dei nominerte..

..skal vera eller har vore student ved HiSF seinast for 2 år sidan, alle studentar kan nominerast

..har utmerka seg spesielt med å skapa eit godt studentmiljø

..har brukt vesentleg del av fritid på studentsosialt fremmande aktivitetar

..har vore med å utvikle positive nye aktivitetar innan studentmiljøet

..har vore aktivt med å fremme studiestaden som ein flott plass å studere

Innlevering av nominasjon

Nominasjon sendast til post_sisof@sib.no eller leverast Studentsamskipnaden sin resepsjon i Stadionbygget på Fosshaugane Campus.

Frist for innlevering av nominasjon er 5.mars 2017.

Prisen blir delt ut under arrangementet VEKAO ekslusiv måndag 13.mars.