Studentbustad i Sogndal eller Førde frå hausten 2016 ?

SISOF har studentbustader i fleire forskjellige kategoriar, inkludert Møllevegen med 144 studentbustader i nybygg som står klare til innflytting 1.august.
Ei full oversikt over desse i tillegg til ei prisliste finn du HER.

Frist for å søka studentbustad hjå oss er 31.mai kl. 23.59. Etter dette startar vi med tildeling, og søkarane vil få beskjed fortløpande om dei har fått tilbod om studentbustad (OBS! Korte svarfristar!). Du bør og følgja med status på søknaden inne på Boligtorget då det kan skje feil ved sending/mottak av e-post eller SMS. Pass på å halda søknaden aktiv så lenge du ønskjer å stå på venteliste.

Meir informasjon om tildeling, kontraktar og søkeprosess finn du HER

Ønskjer du å gå rett til søknaden i Boligtorget finn du den HER

Kvifor studentbustad?

  • God kvalitet, konkurransedyktige prisar og ryddige leigeavtalar.
  • Fast husleige gjennom heile studieåret gir deg ein forutsigbar utgift.
  • Gratis trådlaust nett! SISOF har  HiSF sitt trådlause nett, Eduroam, på alle våre bustader. 
  • Straum inkludert i husleiga (med unntak av 5 leilegheiter i Førde).
  • RiksTV er kopla opp på alle fellesstover.
  • Vaktmeister og husøkonom er tilgjengeleg alle kvardagar innanfor opningstid. Det gjer at utbetring av feil/manglar vert følgd opp og utført snarast mogleg.
  • Felles stove/kjøken gir rom for fellesskap og samhald med dei du bur i lag med.
  • Husøkonom og studentrådgjevar hjelper til  med samtalar og mekling viss det skulle bli konflikt mellom leigebuarar.