Studentsamskipnaden på Vestlandet ønskjer deg velkommen i 2017!

Som kjend trer fusjonen mellom studentsamskipnadane Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Bergen i kraft frå 1.1.2017. 

Vår administrerande direktør vil då sitja i Bergen, medan vi har kvar vår regionsdirektør i Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund.

Regionsdirektør for Sogn og Fjordane, Monica Solheimsnes Foto:Hilleren foto

Regionsdirektør for Sogn og Fjordane, Monica Solheimsnes
Foto:Hilleren foto

Her i Sogn og Fjordane er det Monica Solheimsnes som trer inn i stillinga som regionsdirektør.
Ho har allereie jobba månge år i SISOF, seinast som direktør for velferd.

Vi gler oss til den spennande tida vi har i møte med nytt år og ny organisasjon.

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane opphører, men vi er framleis dei same tilsette som ønskjer å gjere det beste for studentane våre! 

 

GODT NYTT ÅR og hjarteleg velkommen attende til Studentsamskipnaden på Vestlandet.