Treng du studentbustad frå 1.januar?

1.-15.november kan du legga inn din søknad på Boligtorget for studentbustad med kontrakt frå 1.januar. Tildeling vil starta frå 16.november.
Det vert sendt ut SMS og e-post til dei som vert tildelt bustad, men det kan skje feil anten det er ei nummer som er lagt inn feil eller e-posten hamnar i spam-filter. Ein måte å unngå det på er å legga til post@sisof.no i kontaktlista di, slik at vi vert ein godkjend avsendar. Hugs at det er du som søkar sitt ansvar å følgja med på om du har fått tildelt bustad. Det er kort svarfrist, så det kan vere lurt å sjekka Boligtorget

Vi vil og anbefala at du søker på alle hyblane anten i Sogndal eller Førde slik at du kan få eit tilbod sjølv om vi ikkje kan tilby førstevalet ditt. 

Søke bustad gjer du HER .

Meir informasjon om våre bustader, prisliste og tildelingsreglement finn du HER
 

Ofte stilte spørsmål:

"Kan eg søka sjølv om eg ikkje veit om eg kjem inn på skulen?"
Svar: Ja. Men du er sjølv ansvarleg for å melda frå og seie opp viss du ikkje får skuleplass.

"Må eg takka ja viss eg får tildelt studentbustad?"
Svar: Nei. Ved tildeling vil du få eit tilbod om leigeavtale. Denne kan du velja sjølv om du ønskjer å signera eller avslå. Hugs å lesa leigeavtalen før du signerer!

"Når kan eg flytta inn?"
Svar: Då 1.januar er heilagdag (og søndag i år) får du ikkje henta nøklane dine før 2.januar. Du kan då flytta inn frå og med måndag 2.januar

"Korleis får eg henta nøklane mine?"
Svar: I Førde avtalar du henting av nøklar med vaktmeister. I Sogndal kan du nøklane dine i vår administrasjon i Stadionbygget på Fosshaugane Campus. Nøklane kan berre hentas ut innanfor våre opningstid måndag-fredag kl.8.00-15.30.

"Kan nokon andre henta nøklane mine for meg?"
Svar: Ja. Så lenge du sender oss ei skriftleg stadfesting på dette med namn på den som skal henta nøklane dine kan vi levera dei ut til den du måtte ønskje.

"Korleis betalar eg depositum?"
Svar: Det gjer du ikkje. SISOF opererer ikkje med depositum på bustadane våre, så dette slepp du å tenkja på.

"Når må eg betala husleige?"
Svar: Faktura for husleige kjem normalt ut på Boligtorget den 1. i månaden med forfall 15. Første faktura i januar kan komma noko seinare. Følg med på Boligtorget.