Einsemd

Studietida er ein periode med store endringar på mange plan og på mange arena. Studietida kan beskrivast som ei naturleg utviklingskrise; alt som til no har vore kjent i livet, som for eksempel bustad, vener, økonomi, relasjon til dei der heime vert endra og man kjenner ikkje seg sjølv igjen i denne nye situasjonen. I denne tida kan man vere meir sårbar og dette kan føre til reaksjonar som man kan kjenne både fysisk og psykisk. For dei fleste er desse reaksjonane berre midlertidig, til man er blitt kjent med dei nye omgjevnadane, nye menneska og nye sider ved seg sjølv.

Samstundes vert det rapportert i studentundersøkingar at einsemd er eit av studentanes største mentale helseproblem. Vi kan kjenne oss einsame sjølv om det er menneske rundt oss på alle kantar. Sånn er det og i studentmiljøet, der kantina, lesesalen og fellesareala ofte kryr av medstudentar. Ein kjenner kanskje mange av utsjånad og kanskje man helsar og vekslar eit par ord. Ein har kanskje mange vener på Facebook, men få man et middag saman med. Den personlege kontakten manglar. Vi er altså einsame sjølv om me ikkje er åleine.

Kva kan eg gjere?

Mange gonger kan følelsen av einsemd henge saman med at vi ikkje har øving i å vere aleine. Kanskje treng vi rett og slett å verte betre til å tole å vere aleine, til å trøste oss sjølv og til å lage hygge for oss sjølv. Det er mogeleg å vere aleine utan å vere einsam. Vert vi meir trena på å vere aleine kan vi oppdaga nye sider ved oss sjølv, og det igjen kan gjere forholdet til andre meir naturleg og avslappa. Å vise ulike sider av seg sjølv er og av betyding for å føle seg meir nær i relasjon til andre, som igjen reduserer kjensla av einsemd. Det er svært mange som opplev einsemd som vanskeleg, så ved å ta kontakt med andre er det ikkje nødvendigvis berre deg sjølv du hjelp, men og ein medstudent.

 

Nokre tips:

1.    Snakk med nokon du stolar på.

2.    Oppsøk fagpersonell viss du treng nokon å drøfte problema dine med.

3.    Vær fysisk aktiv. Du kjem i betre form, får eit betre sjølvbilete og aukar sjansen for å møte andre.

4.    Ikkje la frykta for å verte avvist hindre deg. Forsøk å ta initiativ. By på deg sjølv og bygg på dei kontaktane du allereie har.

5.    Dyrk interessene dine i lag med andre.

6.    Oppsøk sosiale møteplassar, som organisert fritidsaktivitet og organiosasjonsarbeid.

7.    Ikkje ha for høge krav eller forventnigar til nytt venskap. Det kan støte folk vekk frå deg.

8.    Sørg for å ha balanse mellom tid aleine og sosialt samvær.


Kjelder:
"Studentlivets psykologi - Råd og vink" Ronald Grini
"Bli en vinner på eksamen" Helge Hauga og Bjørn Wormnes
"Å leve et godt studentliv" SIS Helse, Studentsamskipnaden i Stavanger