Elvatunet

Den korte avstanden til Campus og sentrum gjer det svært populært å bu på Elvatunet. Totalt er det 80 hyblar og 8 leilegheiter fordelt på fem to-etasjes hus på området. Husa har to høgder med ein seksjon på kvar side av midtgangen i kvar etasje.
 


Felles fasilitetar

  • Gratis trådlaust internett
  • Sykkelbod
  • Vaskeri med korsystem
  • Parkering v/kjøp av oblat

Hybel

Fem og fem hyblar deler to bad, kjøken og fellesstove. På kjøkenet er det komfyr, kjøleskap/frys og oppvaskmaskin. I fellesstova er det eit salongbord, sofa og tilgang til Riks-TV med Rikspakken.

Hyblane er utstyrt med:

  • Skrivebord med stol
  • Garderobeskap 

NB! Det er ikkje seng på hyblane.
Du må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr. 


Leilegheit

På Elvatunet er det åtte 3-roms leilegheiter. Leilegheitene har to soverom, bad, bod og stove med kjøkenkrok.
Leilegheitene er umøblerte og er for studentar med barn.


Kart