Vieåsen

SISOF sine bustader ligg i gangavstand til Høgskulen og sentralsjukehuset, men ca 7 km frå Førde sentrum (ringbuss). 

Felles fasilitetar hybelhus

  • Felles kjøkken med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys) og kjøkenbord med stolar.
  • Fellesstove med sofa og salongbord.
  • Gratis trådlaust internett
  • Tilgang til RiksTV med Rikspakken i fellesstova
  • Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel

Tervatunet 1 B

Tervatunet 1 B med 20 nye hyblar sto klare i januar 2014.
Her deler 5 studentar 2 bad og felles kjøken/stove. Her har de og oppvaskmaskin på felles kjøkken.

Hyblane er utstyrt med:

  • Skrivebord
  • Arbeidsstol
  • Garderobeskap

NB! Det er ikkje seng på hyblane.
Du må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr. 

Resten av hybelhusa i Vieåsen

Bregnetunet, Hamretunet 13, Midtåstunet, Myratunet, Skaratunet, Symretunet, Tervatunet 1A, Ytreåstunet

SISOF har 8 hybelhus i Vieåsen med 10 hyblar i kvart hus. Alle hyblane er møblerte og har eige bad, 5 deler kjøkken og 10 deler stove.

Hyblane er utstyrt med:

  • Skrivebord
  • Arbeidsstol
  • Garderobeskap

NB! Det er ikkje seng på hyblane.
u må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr.

Hamretunet 14-18 (leilegheitane)

SISOF har fem 3-roms leilegheiter i Førde. 
Leilegheitene har kvitevarer (komfyr, kjøl/frys) men er elles umøblerte.  Ei av leilegheitene er rullestoltilpassa.
Straum vert fakturert på etterskot etter forbruk.

  

ico-bustad.png

Meir om Vieåsen

Vaktmeister i Førde

Kåre Rune Gjelsvik
kare.gjelsvik@sib.no
975 98 902

Husøkonom i Førde

Veronica Tansø
Husokonom.forde@sib.no
418 08 185