Bli student

...ved Høgskulen i Sogn og Fjordane!

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein middels stor statleg høgskule lokalisert i Sogndal, Førde og på Sandane. Høgskulen har eit breitt fagleg spekter med til saman ca tre tusen studentar og tre hundre tilsette.

HiSF si rolle er å yta faglege tenester med ein yrkesrelevant profil innanfor våre kunnskapsfelt. Kvaliteten på HiSF sitt faglege arbeid skal halda godt internasjonalt nivå. Kunnskap er til for å delast. Ved HiSF arbeider tilsette og studentar mot same mål: å lukkast med sine faglege prosjekt!

Høgskulen har tre attraktive lærestader med ulike kjenneteikn:

  • Sogndal

    - Mangfaldig fagleg tilbod
    - Aktivt studentmiljø med base i velkjende Meieriet
    - Friluftsliv som profilerte aktivitetar
  • Førde

    - Fagleg tilbod innan helse- og ingeniørfag
    - Tett samhandling mellom utdanning og yrkesfelt 
    - Eit godt og nært studentmiljø i moderne bygg.
  • Sandane

    - Studiesenter spesielt tilrettelagt for vidareutdanningar på deltid.
    - Attraktive butilbod for dei som kjem for tidsavgrensa opphald.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sentralbord: 57 67 60 00
Faks: 57 67 61 00
epost: post@hisf.no
web: www.hisf.no

Sogndal:
Postboks 133
6851 SOGNDAL

Gateadresse:
Fossvegen 6
6856 SOGNDAL

Førde:
Vievegen 2
6800 Førde

Sandane:
Høgskulen i Sogn og Fjordane
6823 Sandane