Generell informasjon

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane har fokus på velferdstenester til studentar knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Helsetenesta er retta mot studentar med spesielle behov.

Det kan t.d. vere samtalar/rettleiing med rådgjevar og/eller studentprest, psykologtenester, tilrettelegging og henvising til andre instansar.

Vi har og ei helserefusjonsteneste, Helsekasse, der ein kan søka om refusjon for store utgifter som følge av helsemessige årsakar.

I samarbeid med dei respektive kommunane har vi og Helsestasjon for unge vaksne (HUV) som kan bistå med testing, rettleiing m.m. innanfor seksuell helse.

Målet med tenestene er at vi skal gje studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gode vilkår for å kunne fullføre studiane sine.

Viss du treng meir informasjon, eller har spørsmål, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!

Kontaktinformasjon

Telefon: 55 30 79 31
E-post: post_sisof@sib.no