Helsekasse

Helsekassen vart oppretta for å gje økonomisk stønad til studentar som pådreg seg store, uforutsette utgifter i samband med helse utover det trygdekontor, forsikringsselskap eller andre instansar dekkjer.

Kven kan få stønad?

Alle studentar som har betalt semesteravgift til Høgskulen i Sogn og Fjordane kan søka om stønad for behandling utført i same periode som semesteravgifta er gyldig.

Helsekassen dekker ikkje ektefelle/sambuar eller born. 

Vilkår

  • Studenten må ha betalt semesteravgift for perioden behandlinga er utført
  • Behandling må vere utført i Noreg.
  • Utgiftene det søkas om stønad til skal vere betalt på førehand.
  • Eiget søknadsskjema skal nyttas.
  • Behandlingane det søkas stønad for må vere innanfor søknadsfristen.
  • Krav til vedlegg må overhaldas. Søknad med manglande vedlegg vert ikkje behandla.
  • Helsekassa gir ikkje stønad for ytingar du har krav på frå det offentlege hjelpeapparatet eller til dømes forsikringsselskap.
  • Søknad må vere innlevert innan søknadsfrist.
  • Søknadar på under kr 400 (kr 1000 for tannlege) vert ikkje behandla med mindre eigenandelen for semesteret allereie er dekka.
  • Det er studentens eige ansvar å sørga for at all naudsynt informasjon er korrekt og vedlagt.
  • SISOF tek atterhald om høve til kontroll av framlagde opplysningar.

Behandling av søknad og utbetaling

Det er ein eigenandel per semester på kr 400 som vert trukke frå stønadsbeløpet før utbetaling.
Eigenandelen representerer det som meinas å vere normale helseutgifter i løpet av eit halvt år.

Behandlingstid for søknadar er inntil 3 veker. 

Maks utbetaling per studieår per student er kr 10 000. 
I heilt spesielle saker kan det likevel vere aktuelt å vurdere stønad for eit større totalbeløp, men saka må då grunngjevast og dokumenterast særs godt.

Det vert ikkje betalt ut beløp på under kr 100. Beløp under kr 100 vil settast til opparbeiding og vil då betalast ut i lag med ei seinare utbetaling viss du søkjer meir stønad same studieår.

Stønad vert utbetalt til kontoen oppgitt i søknadsskjemaet.
Vedtak vert sendt ut på e-post. Har du ikkje oppgitt e-postadresse i søknadsskjemaet vert du då ikkje tilsendt vedtaket og er ansvarleg for å følgje opp dette sjølv.

Søknadsfrist

Fristen for å søkja om stønad frå helsekassen er 6 månader etter behandling, reseptuttak osb.

OBS! Ved årsskifte (eks. 2015/2016) godtek vi berre søknad om stønad for behandling utført før årsskiftet ut januar! 
Det vil seie at behandling utført i 2015 må søkas om før utgangen av januar 2016.
Søknadar for behandling med dato før årsskiftet som kjem inn etter januar vert ikkje behandla.

Studieåret reknast frå 15.august til 30.juni for avgangsstudentar. Avgangsstudentar kan ikkje motta stønad for behandling utførd etter 30.juni (eventuelt 31.desember ved studieslutt etter vårsemesteret ).

Skal du studera vidare hjå HiSF vil sommaren inngå i førre studieår, slik at studieåret reknast frå 15.august til 14.august

Kva kan ein få innvilga stønad for?

Då det er forskjellige grad av dekking og krav til vedlegg og henvising basert på kva behandling ein søker om er det delt opp i fleire kategoriar.
Klikk deg inn på den aktuelle kategorien for å lesa om kva du kan få dekka.


Fann du ikkje det du leita etter? Send oss ditt spørsmål ved å fylla ut skjemaet nedanfor.

Namn *
Namn