Vernetenesten

SISOF har eit hovedverneombod og tre plassverneombod.

Hovedverneombod: Tor Loftesnes Fardal
Plassverneombod barnehage: Oddny Anette Haugen
Plassverneombod Kafé Campus: Ellen Sophie W. Fredheim
Plassverneombod Førde: Anita Tansøy Skartun
 
Vi er knytt opp mot bedriftshelsetenesta Bedriftshelse1 Sogn.

 

HMS mål

Eit høgt helse-, miljø- og tryggleiksnivå vil bidra til å gjere SISOF til ein attraktiv arbeidsplass samtidig som det bidreg til at vi når våre mål.

SISOF har eit HMS-system som skal:

  • Fremma eit godt og trygt arbeidsmiljø for alle
  • Beskytte mot personskader og ulykker
  • Forhindre skade på SISOF sine eigedommar og utstyr
  • Ivareta det ytre miljøet  

Strategi og prinsipper for HMS – arbeidet

HMS er forankra i SISOF sin strategiske plan- og personalpolitikk.

HMS-arbeidet skal skje systematisk og integreras i det ordinære utviklings- og planleggingsarbeidet i SISOF, og finnast i årsrapport og budsjett.

Det skal vera ein årleg gjennomgang av HMS på alle driftseiningar som dannar grunnlag for handlingsplanar med konkrete mål og prioriterte tiltak i tråd med krava nedanfor.

Krav for HMS - arbeid ved SISOF

Verksemda skal ha:

  • Mål for HMS-arbeidet
  • Årsplan for HMS-arbeidet
  • Revisjonar
  • Leiinga sin gjennomgang av HMS-arbeidet
  • Avviksrapportering - tiltakslister - handlingsplanar – sjukefråver og oppfølging

Gjennom:

  • Årleg gjennomgang av planar
  • Oppfølging gjennom AMU og leiarmøte

Det skal utføras:

  • Vernerundar
  • Risikovurderingar
  • AMU møter
  • Bannøvingar
  • Kurs 

HMS- relaterte problem skal løysast heile vegen på lavast mogleg nivå, slik at medarbeidarar og studentar ikkje utviklar arbeidsrelatert sjukdom, utsettes for arbeidsulykker eller at SISOF forårsakar negativ påverknad på ytre miljø.