Idrettssenteret

Høgskulen ligg i Sogndal i tilknytning til Fosshaugane Campus. Her ligg og Idrettssenteret, eit moderne og velutstyrt treningsstudioeigd av Sogn og Fjordane idrettsskrins og Sogndal fotball/Sognahallen.

SISOF har avtale med Idrettssenteret som sikrar studentar rabatterte medlemsprisar.
Semestermedlemskapet kostar kr 1549 og gir deg tilgang til å trena 4 gonger i veka. Det inkluderar eit eingongsbeløp på gullkort(adgangskort) kr 249,-. Etter dette kostar det 1300,- å fornye medlemskapet pr.semester.
Dette er under halv pris av vanleg treningsavgift. SISOF går inn og sponsar studentane saman med Idrettssenteret.

SISOF sponsar og hallaktivitetane til Studentspretten. Her må du betale treningsavgift for å kunne nytte tilbodet.

Ta kontakt med Idrettssenteret for meir informasjon.

Idrettssenteret
Postboks 164
6851 Sogndal

Telefon: 57 62 90 00
Telefax: 57 62 90 01

E-post: post@idrettssenteret.no
www.idrettssenteret.no