Lege, medisin og poliklinikk

Godkjende utgifter

SISOF er ikkje tilknytta ei eigen legeteneste men som student ved HiSF får du refundert større utgifter til lege, medisinpå blå resept, poliklinikk og psykolog opp til eigendelstak 1. Merk at dette gjeld kun hjå leger med rett til trygderefusjon, ikkje leger som driv privat.
Dette gjeld og undersøkingar som MR og røntgen, då desse skal vere med tilvising frå lege.

Ved søknad om stønad for behandling gjort privat på eiget initiativ for å td. unngå kø vert desse dekka etter offentlege satsar og opp til same sum som eigenandelstak 1.

Ordninga gjeld ikkje pasientreiser, då det skal dekkast av det offentlege. Les meir om pasientreiser her. Eigenandelen for pasientreiser vert registrert hjå HELFO på lik linje med lege, medisin osb., og er med på opptjeninga av frikort.

Kor mykje kan ein få i stønad?

Dei godkjende utgiftene er dei som inngår i opptjening av eigenandelstak 1 og frikort.
Når utgiftene for lege, medisin, poliklinikk og psykolog samla når eigenandelstak 1 vil ein få innvilga frikort, og vidare utgifter same året vert dekka av det offentlege.

SISOF gir difor stønad for utgiftene opp til eigenandelstaket.

Krav til vedlegg

  • Bevis på betalt semesteravgift. Leverer du søknaden i administrasjonen er det nok å visa studentbevis med gyldig oblat/frå app ved levering.
  • Utskrift av dine eigenandeler for gjelande år/semester frå HELFO/helsenorge.no. Desse finn du ved å logge deg inn HER på 'Min Helse' og 'Egenandeler'. Dette er også ditt bevis på at du ikkje har innvilga frikort og allereie får dekka eigenandelene det søkas om.

Det søkast berre ein gong i semesteret for stønad til utgifter som inngår i eigenandelstak 1. Det søkast då ved semesterslutt eller ved oppnådd frikort viss dette kjem først. Søknadsfristen på 6 månader frå behandlingsdato gjeld også her.

Frikort eigendelstak 1

Utgifter du får utover eigendelstak 1 vert dekka av folketrygda. Det vil sei at du får frikort for resten av året hjå NAV. 
Har du betalt meir enn eigendelstaket vil det automatisk refunderast frå NAV når du vert registrert med frikort.
Registrering av frikort skjer automatisk, og du vil få frikortet i posten. Du kan følgja med på kor mykje du har betalt og kort mykje du har att før du får frikort ved å logga deg inn på HELFO sine sider.