Studenthuset Meieriet

Studenthuset Meieriet har etablert seg som ei av dei beste studentscenene i landet. Det er studentane i Studenthuset Meieriet som står for den daglege drifta av huset. SISOF har ein tilsett på Meieriet, dagleg leiar.

Meieriet opna for første gong dørene i 1998. Før Meieriet, hadde studentane det som no heiter Gamlekroa. Gamlekroa hadde ein samla kapasitet på 123 personar, og ein takhhøgde på ca 2 meter. Studentane jubla for opninga av eit stort hus, med 1000 kvm boltreplass! 

Enten du er tidlegare student, ny student, eller kanskje berre bur i Sogndal er det meninga at Meieriet skal gje deg store musikkopplevingar og eit kjekt uteliv. Meieriet har etablert seg som ei av Norges beste studentscener, og blei kåra til årets arrangør 2004, av Rikskonsertane. Dette er vi sjølvsagt stolt av!

Nokre artistar som har vore på Meieriet:

  • Bigbang
  • DumDum Boys
  • Bertine Zetlitz
  • Gåte
  • Skambankt
  • Minor Majority
  • Briskeby
  • DDE 
  • Kurt Nilsen
  • Kaizers Orchestra
  • Hopalong Knut
  • Raga Rockers
  • Paperboys
  • DeejayDj (US) 
  • Timbuktu (SWE)
  • Black Debbath
  • Kent (SWE)
  • Magnet
  • Opeth
  • Surferosa
  • Annie
  • Turboneger
  • Thulsa Doom
  • Animal Alpha
  • Major Parkinson
  • Phoenix (FRA)
  • Ralph Myerz
  • Royal Rooster
  • Stonegard
  • Christer Knutse

Bli medlem!

Medlemskap i Studenthuset Meieriet i Sogndal

Du kan melde deg inn i ei eller fleire av dei 18 undergruppene til Studenthuset Meieriet. Som aktiv medlem får du fleire fordeler enn dei vanlige medlemmene får. Snakk med undergruppene på stands eller på vervefesten og finn kva som passar deg best.

Undergruppene Sogndal er delt inn i ulike divisjonar:

Under kvar divisjon er det fleire undergruppar. Å vere aktiv i Studenthuset Meieriet er både sosialt og moro! Du kjem garantert til å bli kjend med folk, så det er ein ypperleg sjanse for nye studentar til å kome inn i eit aktivt studentmiljø.

ico-meieriet.png

Undergrupper:

Telefon: 948 21 615
Vaktsjef: 911 78 330
www.meieriet.no

Områdeleiar:
Atle Skarsbø
Mobil: 951 38 052
E-post: atle.skarsbo@sib.no

Innkjøpssjef:
Hugo Wikan
Telefon: 57 67 76 59
Mobil: 907 645 85
E-post: hugo.wikan@sib.no

Dagleg leiar
Yngvild Knee
Mobil: 414 97 948
E: daglegleiar@meieriet.no

Nyttige lenker