Møllevegen

Frå august 2016 vert dei nye studentbustadene i Møllevegen tekne i bruk.
Dei ligg ved sidan av Elvatunet 1 og Elvatunet og har den same korte avstanden til høgskulebygga og Campus.

Dei tre nye bygga i Møllevegen skil seg frå dei andre studentbustadene til SISOF m.a. ved at det er blokker på 5 etasjar.
Totalt er det 126 hyblar og 18 små leilegheiter i desse tre husa.

Bygga er like, og det er like mange og same type bustader i alle tre.

Felles fasilitetar

  • Gratis tilgang til trådlaust internett i alle bygga.
  • Gode parkeringstilhøve ved kjøp av parkeringskort. 
  • Vaskeri med kortsystem og automatisk dosering av vaskemiddel.
  • Heis med tilkomst til alle etasjar.
  • Vaktmeister og husøkonom tilgjengeleg i opningstidene mån-fre

 

Hybel 

Hyblane ligg i 2.-5. etasje.
I 2.-4. etasje er det 12 hyblar fordelt på 2 fellesområder der 6 hyblar deler 2 bad og eit kjøkken.
I 5.etasje er det 6 hyblar som deler fellesområde med 2 bad og eit kjøkken.

Felles kjøken er utstyrt med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys og oppvaskmaskin) og kjøkenbord med stolar.
Fellesstove er møblert med sofa og salongbord.

Hyblane er utstyrt med:

  • skrivebord
  • arbeidsstol
  • garderobeskap 

NB! Det er ikkje seng på hyblane. Du må sjølv ta med seng, sengekle og kjøkenutstyr.

 

 

 

1-roms leilegheit 

Desse leilegheitene ligg i 5.etasje, og utgjer totalt 6 av leilegheitene i Møllevegen.
Leilegheitene har open løysing med sovealkove og er berekna for ein person.

Dei er utstyrt med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys og oppvaskmaskin), men elles umøblert.

 

2-roms leileghet for par/familie

I 1.etasje ligg det totalt 3 leilegheiter for par og 6 leilegheiter for par/familie.
Den største forskjellen på leilegheitene er utforminga, då dei for par/familie har ekstra plass til barneseng på soverommet.
Ei av leilegheitane for familie har og ein foldevegg på soverommet slik at det kan delas. Er dette av interesse kan du legga det inn som ein kommentar i bustadsøknaden din.

Leilegheitene er utstyrt med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys og oppvaskmaskin), men elles umøblert.

 

Rullestoltilpassa leilegheit

I 1.etasje ligg det ein rullestoltilpassa 2-roms leilegheit for 1 person i kvart bygg.
Leilegheitene er utstyrt med kvitevarer(komfyr, kjøl/frys og oppvaskmaskin), men elles umøblert.

2-roms leilegheit rullestoltilpassa