Nytt intranett

Endeleg har vi intranett oppe å gå att, i ny og (forhåpentlegvis) forbetra utgåve.

Her inne vil du finna diverse skjema, planar, nyhende, verksemdas HMS-arbeid (kjem) og elles anna informasjon.

I kalenderen på framsida vert det lagt inn diverse hendingar, viktige datoar osb. Datoane der det er lagt inn hendingar vert merkt med ein grå firkant. Hold musepeikaren over datoen for å sjå kva som skjer, og gå vidare inn på hendinga for meir informasjon ved å klikka på tittelen som kjem opp.

Bruk litt tid på å klikke deg gjennom intranettet og gjer deg kjend med sidene, slik at du får ei oversikt over funksjonar og innhald.

Målet med det nye intranettet er å ha meir aktivitet og oppdatering av informasjon her inne, så eg tek med glede i mot forslag til nyhende, innhald og forbetringar!

 

 

 

Med venleg helsing
Tone Bolgvåg Sandvik
Marknads- og webansvarleg