Praktisk informasjon til deg som bebuar hjå SISOF

Mange spørsmål kan du få svar på ved å lesa husordensreglane her.

 

Melding til vaktmeistarane

Når du vil seia i frå om feil, manglar eller anna du treng vaktmeister til, skal du helst bruke feilmeldinga.  Unntak ved akutte sakar som vasslekkasje.

Til toppen


Branninstruks til studentbustadene


 

Innlåsing

Innanfor SISOF sine opningstider (08:00 til 15:30 måndag-fredag) er det gratis innlåsing dersom du kontaktar vaktmeister.
Utanfor opningstida til SISOF er innlåsing ei betal-teneste med fakturering frå SISOF/Securitas.
OBS! Du må kunne visa legitimasjon og oppgi bustadnummer som bevis for å kunne låsast inn.

Sogndal

Før kl. 22.00 mån-tors og før kl.21.00 fre-laur :

- Ring områdeleiar for din bustad
- Pris: gjelande takstar for utrykking hjå vaktmeister (opplysast ved tilkalling)

Din områdeleiar:
Studentheimen og Stedjeåsen: Atle Skarsbø 951 38 052
Elvatunet, Elvatunet 1 og Elvatunet 12B & C: Tor L. Fardal 900 60 252

Mån-tors kl. 22.00 – 04.30 og fre-laur kl. 21.00-04.30:

- Ring vakttelefon hjå Securitas: 229 71 039  
- Pris: gjeldande takstar for utrykking hjå Securitas.
- SISOF får rekning på innlåsinga av Securitas og fakturerer deretter studenten med same beløp.

Førde

I Førde ringer du vakttelefon hjå Securitas utanfor opningstidene til SISOF.

MERK: Har du mista nøklane dine er det ein ekstra kostnad for nye nøklar. Desse kan du henta i administrasjonen til SISOF innanfor opningstid.


Bustadadresser

På Stedjeåsen, Elvatunet og Elvatunet 1 er det postkassar i felleshusa. På Studentheimen finn du postkassane i kjellaren.
Det er eigen postboks for kvar bustad og du får nøkkel i SISOF sin administrasjon på Fosshaugane Campus.

Studentheimen

På Studentheimen må du bruke hybelnummer og Dalavegen 8:
H332, Dalavegen 8 , 6856 Sogndal.

Stedjeåsen

På Stedjeåsen er adressaStedjeåsen husnummer-hybelnummer: Stedjeåsen 17-2, 6856 Sogndal

Elvatunet

På Elvatunet er adressa Elvatunet husnummer-hybelnummer: Elvatunet 8-24, 6856 Sogndal 

Elvatunet 1 og 12 B og C

Her er adressa Elvatunet 1 eller 12 bokstav på hus og hybelnummer: Elvatunet 1 A 11, 6856 Sogndal

Møllevegen

Leilegheitane i 1.etasje har eigne inngangar, og difor eiget nummer. Adressa er då heilt enkelt Møllevegen + nummer på leilegheit, t.d. Møllevegen 6.

Frå 2. til 5.etasje nyttar du husnummeret på blokka (10, 20 eller 30) og hybelnummeret ditt. Denne informasjonen finn du i leigeavtalen din. Adressa er då t.d. Møllevegen 10 H0205.

 

Førde / Vieåsen

Du som bur i SISOF sine studentbustader i Vieåsen i Førde harhybelnummer og gateadresse:
Hybel 062, Skaratunet 13, 6800 Førde.

Post
Post som ikkje er korrekt merka vil bli retunert av Posten.

Ved utflytting er det også viktig at du hugsar å melde ny adresse til Posten. SISOF er ikkje ansvarleg for post til leigebuarar som har flytta ut.

Uadressert reklame

For å spare miljøet har SISOF avtale om at det ikkje skal leverast uadressert reklame/masseutsendingar til studentbustadene i Sogndal.

Dersom du ønskjer å få slik reklame – ta kontaktmed Sogndal postkontor

Til toppen



Framleige

Om du har kontrakt på ein bustad og ønskjer å leige ut vidare til ein annan student vert det kalla framleige.

Framleige er aktuelt i samband med praksisperiodar eller studieopphald i utlandet.

Du må søkje til SISOF om godkjenning av framleige, og den du framleiger til må vere student ved HiSF.

Det er du som leigetakar som har kontrakt på bustaden og er ansvarleg for at husleige og gebyr (også bruk av vaskeri) vert betalt. Jfr §11 i leigekontrakten. Her finn du skjema for søknad om framleige.

Til toppen


Fornye leigekontrakt

SISOF sin standardkontrakt er på tolv månader, frå 1/8 til 31/7,
men du har høve til å fornye leigeavtalen med eit år om gongen etter tilbod frå SISOF i løpet av våren. Sjå SISOF sitt tildelingsreglement.

Ein føresetnad for å kunne fornye leigekontrakten er at du ikkje har sagt opp kontrakten eller skuldar pengar.


Oppseiing av leigekontrakten

Kontrakten opphøyrer utan oppseiing 31.7,

Ønskjer du å avslutta leigeforholdet før dette må du seie opp. Det er då oppseiingstida i §2 i leigeavtalen din som er gjeldande. 

Oppseiing av leigekontrakt skal skje skriftleg, j.f. leigekontrakten, og gjerast via di side på Boligtorget. E-post vert akseptert, men er ikkje gyldig som oppseiing utan ei stadfesting frå SISOF om at oppseiinga er motteken, registrert og akseptert.

Dette gjeld og kansellering av akseptert kontrakt før innflytting. Før kontraktstart vil du ikkje kunne seie opp på Boligtorget. Du må då må sende oppseiing på e-post.

Til toppen


Utflytting

Når du har sagt opp har du gjerne ei formening om når du har planar om å flytta ut. 

Det er viktig at du tek kontakt med husøkonom i Sogndal/Førde for å avtala vaskesjekk slik at det vert sjekka før du reiser. Ved å gjere det vil du kunne unngå ekstra kostnadar for vask då du vil kunne rette opp i eventuelle ting som ikkje vert godkjend.

OBS! Denne retten mister du når du leverer frå deg nøklane dine. Då er bustaden rekna som tilbakelevert j.f. Husleigelova §10-2 Tilbakelevering, første ledd
"Den dagen leieforholdet opphører, skal leieren stille husrommet med tilbehør til utleierens disposisjon. Er ikke annet avtalt, regnes tilbakelevering for skjedd når utleieren har fått nøkler og ellers uhindret atkomst til husrommet."

Husleigelova med heile §10-2 finn du her.

For sein innlevering av nøklar/kort medfører gebyr og husleige fram til og med leveringsdato j.f. vedlegg 1 til leigekontrakten. Tap av nøklar vert fakturert etter gjeldande beløp i vedlegg 1.

 


Forsikring

Hugs at du sjølv må sørgje for forsikring av dine eigne ting (gløym ikkje mat i fryseboks).

Dette gjeld også for sommarmånadene dersom du lagrar ting i boda eller bustaden.

Det kan vere at foreldra dine har ei innbuforsikring som også har dekning for tinga dine på hybelen, men dette bør du sjekke for å vere sikker på å ha forsikringsdekning.

Til toppen


Vaske klede?

Ved studentbustadane i Sogndal finn du vaskeri.

  • For å bruke vaskeria må du ha eit vaskekort. Dette får du i SISOF sin administrasjon på Fosshaugane Campus.
  • Du må laste opp pengar til vaskekortet ditt før du kan bruke vaskeriet. Logg deg inn på vaskekontoen din via Boligtorget.
  • I Vieåsen er det fri bruk av vaskemaskinene i husa.

Internett

I alle våre bustadar vil du finne internett anten trådlaust eller via nettverkskabel.

  • Det er gratis å vere tilknytt datanettverket    
  • I Sogndal er det trådlaust internett
  • NB! Det er ikkje lov å setje opp eigen privat router i studentbustadene!
  • SISOF sine studentbustader er knytt opp mot HiSF sitt studentnett og HiSF og Uninett sine reglar og vilkår gjeld.

Parkering

Bur du i ein av SISOF sine studentheimar i Sogndal og har bil må du skaffe deg eit parkeringsoblat eller parkeringsbevis frå SISOF for å ha lov til å parkere ved bustaden du høyrer til. Parkeringsoblatet/beviset får du etter framvising av vognkort og utfylling av skjema.

Parkering ved Studentheimen, Stedjeåsen, Elvatunet og Elvatunet 1/12B og C kostar per 1.08.2016 kr 500. Dersom du skal ha besøk av personar som har bil, må dei ha gjesteparkeringskort. Dette får du gratis i administrasjonen til SISOF. Parkering skal berre skje på oppmerka felt. 

i Møllevegen er det kommunal parkering, og det er då kommunen som styrer avgiftene. SISOF har eit begrensa tal årskort til rabattert pris (1100 kr rabatt på vanleg årskort). For å kunne kjøpa dette må ein ha rekvisisjon frå SISOF. Den får du i administrasjonen vår så lenge vi har plassar att. 


Bytte bustad

Trivst du ikkje i studentbustaden du er tildelt, eller av andre grunnar ønskjer å bytte bustad internt hjå oss, kan du søka om intern flytting.

Her finn du søknadnsskjema som skal nyttast

Så lenge ein har nøkkel til begge hyblane betalar ein og leige for begge. Dette vil alltid gjelde flyttedagen i tillegg til dei dagane leigetakar velger å beholda begge sett med nøklar.

OBS! Det vert ikkje mogleg å gjennomføra intern flytting mellom 1.juni og 1.oktober grunna hovudtildeling og innflytting.


Vask

Ingen likar å bu i en grisebinge – har du det reint rundt deg  aukar trivselen og slitasjen på bustaden vert mindre.

  • Alle leigebuarane er sjølve ansvarleg for reingjering og rydding av fellesareal. Vaskelister vert hengt opp på oppslagstavla.
  • Vask skal skje mandagar og vil verta kontrollert tysdagar.  Husøkonom vil kontrollere at reinhaldet/ryddinga vert utført – ved manglande eller mangelfullt reinhald/rydding vil SISOF vaske for deg og fakturere deg for dette.
  • Dersom det er uklart kven som skal fakturerast vert faktura delt på heile seksjonen/etasjen det gjeld.
  • Set utstyr for vask /reinhald: støvsugar, bøtte osb. tilbake på plass i  vaskerom/bøttekott når du er ferdig,  så slepp andre å leite etter det.
  •  I Sogndal finn du reine moppar i vaskeriet.
  • Brukte moppar og klutar skal leggjast i dunk på vaskeriet merka ”brukte klutar”. Det blir ikkje sett ut vaskemiddel av SISOF, dette må du sjølv sørge for.

Røyking i studentbustaden?

Det er totalt røykeforbod i SISOF sine studentbustader, inkludert fellesareala. Røyking innandørs blir rekna som brot på leigeavtalen.

Dette gjeld og eventuelle tilhøyrende balkongar.


Kjeldesortering av avfall

Det er kjeldesortering på avfall i Sogndal kommune. Det vert utlevert eigne bioposar for våtorganisk avfall. Desse finn du på felleskjøken  (rull med 75 posar)– vert det for lite posar tek du kontakt med driftsleiar/vaktmeister for å få fleire utlevert.  Bioposane skal leggjast i dunk med brunt lok. For å sleppe lukt er det viktig at dette avfallet vert lagt i dunken med ein gong posen er full. Papir/papp skal leggjast i dunk med blått lok og anna restavfall skal leggjast i dunk med grått/svart lok.

  • Avfall skal berast ut i dunken og ikkje setjast i gangane. 
  • Sjå eigen faldar om Kjeldesortering av avfall eller oppslag på fellesareala.  
  • Har du spørsmål kan du ta kontakt med driftsleiar på tlf:  951 38 052       

Reise vekk ?

Skal du vere borte frå hybelen i ein lengre periode(to veker eller meir) på grunn av praksisopphald eller anna? 

Vi ber deg då om å legge inn ein beskjed vil feilmelding til vaktmeister om dette. Han kan då sjekke at alt er i orden med rommet ditt. Til dømes kan tørre vasslåsar på badet føre til luktproblem om rommet står ubrukt i lang tid.


Har du TV ?

SISOF vil minne om at det er du som leigebuar som er ansvarleg for å betale tvlisens for eiget apparat. Har du kjøpt tv eller tatt med deg fjernsyn heimanfrå skal det betalast lisens for apparatet. Kontrollørar frå NRK har rundar og sjekkar dette. SISOF betaler berre lisens for SISOF sine eigne apparat.

NRK sine lisenssider.


ENØK - Energiøkonomisering

Hjelp oss å unngå unødig auke i husleigene. For kvar 100-kronar du betalar inn i husleige går  det ut att om lag kr. 20 til straum. 

Tenk energi:

  • Slå av unødig lys (tome rom=mørke rom).
  • Sløs ikkje med varmtvatnet.
  • Luft kort og effektivt. 
  • Gå ikkje frå opne vindauge. 
  • Hald rett innetemperatur – slå ned  varmen i staden for å setja opp vindauge når det vert for varmt. 
  • Har du problem med innstilling av panelomnar eller varmekablar tek du kontakt med driftsavdelinga.  
  • Det er strengt forbode å røre termostatbrytar for golvvarme på Stedjeåsen (alle bad og stove 1.et) og Studentheimen (alle bad).
  • Desse er innstilt (og plombert) slik at dei ikkje skadar golvbelegg og liknande. Du kan bli erstatningspliktig om du bryt plomberinga! 
  • Berre lyspærer på fellesareal vert skifta av SISOF.

Move/clear report


Attachment 1 According to Tenancy Agreement 2013/14

Attachment 1 According to Tenancy Agreement 2014/15


ico-bustad.png

Kontaktinformasjon

Bustadkonsulent:

Bjarne Gjermundstad
E-post: bjarne.gjermundstad@sib.no
Telefon: 57676299

Fagansvarleg bustad og drift:

Studentheimen, Stedjeåsen og Førde:

Atle Skarsbø
E-post: 
atle.skarsbo@sib.no
Mobil: 95138052 

Elvatunet, Elvatunet 1 og Møllevegen:

Tor Loftesnes Fardal
E-post: 
tor.fardal@sib.no 
Mobil: 900 60 252

Husøkonom:

Sogndal
Wenche Bakke Torvanger
E-post: husokonom.sogndal@sib.no
Mobil: 957 070 64

Førde
Veronica Tansø
E-post: husokonom.forde@sib.no
Mobil: 41808185

Har du endå ikkje registrert deg med eFaktura? Registrer deg her:

Du treng BankID for å logga deg inn. Din eFaktura referanse er ditt kundenummer på 6 siffer. Det finn du på fakturaen din og leigekontrakten.