Husleige

Husleigefaktura vert sendt i byrjinga av kvar månad og skal betalast innan den 15. i kvar månad; jamfør § 5 i leigekontrakten. Vert ikkje husleiga betalt innan forfall, vert påkrav og inkassobyrå nytta om det vert nødvendig. Har du på eit tidspunkt problem med å betale i tide, er det beste at du tek kontakt med oss før problema er blitt for store og saka er gått for langt.

Har du ikkje fått husleigefaktura? Du skal likevel betale innan fristen.

SISOF sender ikkje ut papirfaktura. Alle får tilsendt husleigerekning/fakturaen på sida si på boligtorget.no/sisof. Dette betyr at du ikkje treng å kontakte SISOF for å be om å få sendt fakturaen til ei anna adresse når du t.d. skal i praksis. Husleigefakturaen med detaljar finn du på sida di på Boligtorget.

Vi gjer merksam på at fakturering og forfallsdato vert endra i august (og januar) på grunn av innflytting. Leigekontrakten startar 1.august og husleigefaktura for august for nye leigebuarar blir sendt ut i slutten av månaden. Ta kontakt om du har spørsmål.


Depositum

Nye kontraktar frå og med 1.08.2017 er betinga med depositum.
Depositumet må vere innbetalt før ein får utlevert nøklane til bustaden.
Gjeldande depositum er for hybel kr 5000 og for leilegheit kr. 10 000.

Husleige pr månad

Sogndal frå 1.august 2017 t.o.m. 31.juli 2018

I Sogndal har alle utleigeobjektene straum inkludert i leigeprisen.
Klikk på namnet til studentbustaden i menyen under for å få opp gjeldande husleigeprisar.


Førde frå 1.august 2017 t.o.m. 31.juli 2018

I Førde har alle hyblane straum inkludert i leigeprisen. 
Leilegheitene vert etterfakturert straum annankvar månad.


ico-bustad.png

Kontaktinformasjon

Administrasjon:

Trolladalen 30, 6856 Sogndal
E-post: post_sisof@sib.no
Telefon: 55 30 79 31

Fagansvarleg bustad og drift:

Studentheimen, Stedjeåsen og Førde:

Atle Skarsbø
E-post: atle.skarsbo@sib.no
Mobil: 95138052

Elvatunet, Elvatunet 1, Elvatunet 12B & C og Møllevegen:

Tor Loftesnes Fardal
E-post:
tor.fardal@sib.no 
Mobil: 900 60 252

Betal husleiga med: