Prokrastinering

Å prokrastinere er når man utsetter ei oppgåve sjølv om man kunne ynskje at man ikkje gjorde det.  For nokon er denne form for utsetting ein plagsam uvane, for andre er den både årsak og følger av psykiske plager. Det kan starte med at arbeidsoppgåvene er keisam og av den grunn lite motiverande. Mykje ubehag i livet og konsentrasjonsvanskar kan auke sjansen for å prokrastinere.

Digitale mediar kan gjere sitt til at fokus på instagram, facebook og snap kjennes betre ut enn å lese pensum. Stress og lange tidsfristar for innlevering av oppgåver kan gjere sitt til at ein ikkje starter før det er for seint, og ein kan lettare skulde på «for lita tid». Det stadig aukane forventningspresset unge vert utsett for kan føre til frykt for å mislukkast, og difor resultere i å utsetje oppgåver. Sjølv om me ofte tenkjer på utsettarar som «late» og «uansvarlege», kan det verkelege problemet noko gonger vere det stikk motsette: at suksess er viktigare for dei enn alt anna. I staden for å risikere å mislukkas, endar dei opp med å ikkje gjere noko i det heila tatt. Personar som er redde for å mislukkast, baserer ofte si sjølvkjensle på kva dei oppnår i livet. Viss du mislukkast i jobben, føler du kanskje at du er mislukka som menneske. Då vert det å prøve å gjere noko, for farleg. Det er rett og slett for mykje som står på spel. 

 

Kva kan eg gjere?


Det finnes fleire måtar å overkomme prokrastinering på. Den enklaste starten er å fjerne det som distraherer deg. Bruk facebook, snap, tv osv som ei belønning etter gjennomførte oppgåver. Del store oppgåver i mindre delmål med kortare fristar, slik at du opplever meistring og aukande motivasjon. Ta initiativ til samarbeid med andre medstudentar. Dette vil forplikte meir og dermed vanskelegare å utsette. Føretrekker du å gjere oppgåver aleine kan du sette deg mål om å jobbe i 10 min for å sjå omdu kjem i arbeidsmodus. Dersom du da er godt i gang, fortset du. Viss ikkje, tar du fem minutt pause før du forsøker 10 minutt til. Mange treng ekstra tid på å kome i flyt-sona.


Å reflektere over eigen motivasjon rundt oppgåvene du skal gjere kan vere ein veg å gå. Studerer du fordi du trur dette er noko du «bør» gjere? Kjennes det ut som om at alle legger press på deg for at du skal studere, men i ditt stille sinn føler du at du eigentleg ikkje har lyst til det? Motivasjon er nødvendig for å klare å gjennomføre oppgåver. Klarer du på eiga hand eller ved hjelp av andre kome i berøring med din indre motivasjon vil den mest truleg gje deg engasjement og pågang til å få gjennomført dei oppgåvene som skal til for å få deg gjennom studiet.


Kjelder:
"Studentlivets psykologi - Råd og vink" Ronald Grini
"Bli en vinner på eksamen" Helge Hauga og Bjørn Wormnes
"Å leve et godt studentliv" SIS Helse, Studentsamskipnaden i Stavanger